Hopp til innhold

Må stengje E39 i tre-fire veker for å sikre vegen forbi den utsette rasstaden

Kommande veke startar sikringsarbeidet i Skjærsura på E39 mellom Skei og Jølster ved Ålhus. Statens vegvesen stengjer vegen medan arbeidet pågår – og ventar at arbeidet vil gå føre seg i tre-fire veker.

Nytt steinsprang ved skjersura.

MYKJE RAS: E39 ved Skjærsura på nordsida av Jølstravatnet har vore ein utsett stad for ras og steinsprang.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Klatrarar skal opp i Skjærsura for å reinske og bolte i samråd med geolog. Dei vil gå gjennom området systematisk, og dei byrjar med det partiet som er lengst mot Ålhus, seier byggjeleiar Skule Jacobsen i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Arbeidet startar med rigging og skilting måndag 9. september, og onsdag 11. september startar vegstengingane.

Deretter blir vegen stengd måndag – laurdag frå klokka 07.00 til 18.00 dei neste tre-fire vekene, opplyser Jacobsen til NRK.no.

Vegvesenet vil sleppe gjennom trafikk éin gong kvar time, og bussruter forbi staden vil ifølgje prosjektleiaren bli tekne omsyn til. Det vil dessutan vere
heilt ope mellom 12.00 og 13.00 på grunn av matpause.

Det blir omkøyring på fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet for køyretøy under 7,5 tonn.

Skjærsura strekkjer seg 500 høgdemeter oppover frå vegen, og det er ei snitthelling på 45 grader i fjellpartiet. Det har fleire gongar kome ned stein frå fjellsida.

E39

NORDSIDA: E39 langs nordsida av Jølstravatnet.

Foto: Statens vegvesen