Hopp til innhold

Bård måtte kjempa for å få påvist prostatakreft

Bård Mellin-Olsen måtte sjølv nærast presse fastlegen sin til å ta testen som avslørte prostatakreft. No vil han gå til kamp mot tabua som omgir sjukdomen.

Bård Melin-Olsen

STÅR FRAM MED SJUKDOMEN: Bård Mellin-Olsen opplevde mykje motgang då han blei sjuk. Til saman venta han over eit år på kreftoperasjonen.

Foto: Privat

Både far hans og andre nære, mannlege slektningar har mista livet på grunn av prostatakreft. Likevel måtte Bård Mellin-Olsen sjølv jobba hardt for å få ta testen som avslørte det han frykta mest.

– Det er jo aldri greitt å få ein slik diagnose. Men som mann møter ein mykje motstand, sjølv når ein har lyst til å ta ansvar for eiga helse. Eg måtte sjølv nærast presse fastlegen min til å ta dei nødvendige testane og undersøkingane.

Etter at han valde å vera open om sjukdomen, opplevde han at mange menn tok kontakt. Mange visste lite eller ingenting om korleis dei kunne få meir informasjon.

– Menn går mindre til legen, og er sjeldnare i kontakt med helsevesenet enn kvinner. Menn har jo knapt eit underliv, iallfall ikkje som det blir snakka om.

Meir tabu enn brystkreft

For mens kvinner jamleg blir kalla inn til underlivsundersøking, og mange i risikogruppa også screening for brystkreft, gjeld ikkje det same for menn.

Trass i at prostatakreft er den vanlegaste forma for kreft blant norske menn, er det ikkje tilsvarande fokus på sjukdomen. Kvart år får om lag fire tusen personar diagnosen. Meir enn tusen av dei døyr, noko som tyder at sjukdomen har dobbelt så høg dødelegheit som brystkreft.

Bård Mellin-Olsen trur ikkje at menn er like erfarne i å oppsøke helsevesenet.

– Kvinner er nok flinkare til å gå til legen. Men så blir jo kvinner kalla inn. Det blir ikkje menn, seier han.

– Eg synest det er flott med prøvetaking mot livmorhalskreft, eg synest det er flott med mammografi. Det skulle berre vore eit tilsvarande tilbod til menn også.

– Vi snakkar heller om kvinnebryst

Andreas Stensvold

KREFTLEGE UROA: Andreas Stensvold trur mykje av årsaka til den manglande merksemda omkring prostatakreft handlar om skam og tabu.

Foto: Maria Nakken / NRK

Andreas Stensvold er leiar i norske kreftlegar sin organisasjon, Norsk Onkologisk Forening. Han er ikkje i tvil om at visse kreftformer, som for eksempel brystkreft, har fått massiv dekning samanlikna med andre, like alvorlege kreftsjukdomar.

– Kvinnene har vore flinke å marknadsføre seg i samband med brystkreft. mangelen på merksemd omkring prostatakreft handlar blant anna om skam.

– Kvifor trur du det er slik?

– Prostatakreft handlar om sex, eller snarare, mangelen på dette etter behandling fordi ein vanleg biverknad er impotens og inkontinens. Dessutan er det oftast eldre menn som får prostatakreft. Sex og eldre herrar, det snakkar vi helst ikkje om.

Opp mot halvtanna års ventetid

Prostatakreft.

UROA OVER LANG VENTETID: Sjølv om mange prostatakreft-pasientar kan vente på operasjon utan fare, veit ekspertane for lite om kven det gjeld.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Stensvold er svært uroa over at mange menn opplever å vente veldig lenge på operasjon for prostatakreft. For sjølv om somme med diagnosen medisinsk sett kan vente, gjeld det ikkje alle.

– I tillegg kjem dei psykiske påkjenningane ved å gå i månadsvis, kanskje opp mot eit og eit halvt år, og vite at kreftsjukdomen verkar i kroppen. Det tærer på.

Det siste kan Bård Mellin-Olsen skrive under på. For etter at han hadde fått legen til å ta den nødvendige undersøkinga, gjekk det tre månader før han blei kalla inn igjen. Etter det gjekk det åtte månader før han endeleg fekk operasjon.

Korleis reagerte du då du fekk vite at du måtte vente eit heilt år?

– Det er slikt eit sjokk at det er vanskeleg å sei. Eg hadde nettopp fått vite at sjukdomen som tok livet av far min og to onklar, no også hadde råka meg. At ventetida på operasjon var så lang, klarte eg slett ikkje ta inn.

Følte seg nedprioritert som pasient

12 menn får diagnosen prostatakreft kvar dag.

SVÆRT MANGE: Kvart år får fire tusen norske menn diagnosen prostatakreft. Over tusen av dei overlever ikkje.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Undervegs i den vanskelege ventetida drog Bård på ferie. Ein fredag kveld, mens han sat i bilen på veg til Sverige, fekk han ein telefon frå sjukehuset.

Han hadde fått time til MR-undersøking, ei undersøking som vanlegvis skjer før operasjon, førstkommande måndag klokka åtte om morgonen. Møtte han ikkje opp, var det ingen ny time å få.

– Det gjekk jo ikkje. Eg hadde ikkje sjanse til å nå det. Akkurat den dagen hugsar eg veldig godt.

Løysinga blei å bestille time på ein privat klinikk i Ålesund. Flyreisa og undersøkinga betalte han sjølv. No håpar Bård at hans historie skal bidra til meir openheit omkring prostatakreft.

– Det er ikkje bere vi menn sjølv som må lære å snakke ope om dette. Helsevesenet er òg prega av tabu. Mens andre kreftsjuke for eksempel får tilbod om å snakke med både sexolog, psykolog og andre i hjelpeapparat om korleis sjukdomen påverkar livet med ektefelle eller andre, er det i stor grad opp til prostatakreftopererte sjølv å be om dette, avsluttar han.