Hopp til innhold

Varetektsfange stakk av frå politiet

Ein 36 år gammal varetektsfange stakk av frå politiet på legevakta i natt.

Natt til måndag

Den 36-år gamle mannen var varetektsfengsla og sikta for trugslar, då han i natt stakk av frå politiet.

– Mannen klaga på smerter i brystet og blei tatt med til legevakta for ein sjekk. Klokka 01.20 fekk me melding om at mannen hadde stukke av frå politiet på legevakta, seier operasjonsleiar Olav Valland.

Politiet sende ut fleire patruljar og varsla taxiane i Bergen om at mannen hadde stukke av. Klokka 03.02 melde ein patrulje om at mannen var pågripen på Bystasjonen.

Det er politiets jurist som no må avgjere kva følgjer det får for mannen at han rømde.

Tre personar i drukkenskapsarresten

Politiet har også fått fleire meldingar om ordensforstyrringar i natt.

– Ein mann gjekk til angrep på ein gjest inne på utestaden Ricks i halv eit tida i natt. Han hylte og skreik, fortel Valland.

Mannen blei pågripen og sett i drukkenskapsarresten. Politiet har oppretta sak og meldt han for ordensforstyrringar.

Like etter klokka fire i natt fekk politiet melding om at to menn hadde gått til angrep på ein tredje person i Bergen sentrum.

– Klokka 04.07 fekk me melding om at ein mann blei angripen av to andre menn i Hans Holmboes gate. Me sende bort nokre patruljar, og to menn i 20-åra blei tatt med og melde for ordensforstyrringar, seier Valland.

Begge mennene sit no i drukkenskapsarresten hos politiet.