Hopp til innhold

Vann over gigantane

Det vesle busselskapet slo Tide og Veolia.

Modalen Eksingedalen

Slik profilerer selskapet seg på nettsidene.

Foto: Modalen - Eksingedalen Billag

Modalen-Eksingedalen Billag får halda fram med å køyra buss i Modalen og Vaksdal dei neste sju åra.

Busselskapet vann anbodskonkurransen med lågast pris, framfor Tide Buss og multinasjonale Veolia.

Dagleg leiar, Joar Kronstad, er letta over at dei klarte seg blant gigantane.

- Det viser seg at små selskap kan vere konkurransedyktige på denne type oppdrag, og eg trur vi skal klare å utføre jobben på ein god måte, seier Kronstad.

Pris har vore vesentleg i val av leverandør og det vesle busselskapet vant kampen i Modalen og Vaksdal nettopp fordi dei leverte tilbodet med lavast prislapp.

- Dei var billegast og best. Ein million kroner billegare enn dei som var dyrast. I tillegg innfridde dei miljøkrava våre og krava til bussane. Så dette var grei skuring, seier fylkesordfører Toril Sesvold Nyborg.

Modalen-Eksingedalen Billag låg 250 000 kroner lågare enn tilbod nummer to, men også miljøhensyn og lokal tilknyting spela inn når det blei avgjort at busselskapet framleis skal få køyre buss i dei to kommunane. Heilt nye bussar vil nemleg vere på plass når anbudet startar frå august neste år.

Tide vann kontrakten for busskøyring på Voss og i Hardanger.