Den siste meldinga frå brannvesenet var at ein bråtebrann i Lindås var ute av kontroll.
– Men frå nabolaget er det no meldt at dei byrjar å få kontroll, fortel vaktkommandør Torkjell Helle ved 110-sentralen til NRK klokka 16.25.
Tidlegare har brannvesenet også meldt om ulmebrannar på Fantoft. Der byrja det å brenne på to stader med 100 meters avstand. Brannvesenet var tidleg på plass for å dynke området med vatn.
– Det er to mindre brannar, og dette skal vi sløkkje raskt, sa vaktkommandør Torkjell Helle ved 110-sentralen til NRK tidlegare. Han opplyste at det ikkje var fare for spreiing.
– Opp til politiet å finna årsaka
Bergensavisen skriv at dei to ulmebrannane er innafor 100 meter avstand i terrenget ved Fantoft stavkyrkje.
Også i Herman grans vei i Laksevåg kom det meldingar om grasbrann. Den er til liks med brannane på Fantoft sløkt.
Helle har ingen teori om kvifor så mange brannar starta samtidig.
– Det blir opp til politiet å finna ut av. I Lindås verkar det klart at årsaka var at dei mista kontrollen over ein bråtebrann. Dei andre brannane var det ikkje folk i nærleiken av, seier Helle.