Hopp til innhold

Trur mange hotell og restaurantar vil forsvinne

Dersom ikkje noko blir gjort med vilkåra til turistnæringa, vil mange hotell og reiselivsverksemder bukke under dei neste åra.

Arne Glenn Flåten, Vibeke Tvedt Raddum og Per Rustberggard

SLÅR ALARM: – Reiselivsnæringa treng betre vilkår no, krev f.v. Arne Glenn Flåten (hotelleigar, Sogndal), Vibeke Tvedt Raddum (reiseoperatøren Tumlare Corporation) og Per Rustberggard (hotelldirektør, Gol).

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Denne frykta var mantraet då representantar reiselivsnæringa onsdag ettermiddag møtte stortingskandidatar til valdebatt i Bergen.

Både destinasjonar og enkelthotell forvitrar og forsvinn.

Per Rustberggard, adm.dir. Pers Hotell

– Vi slit med at kostnadsnivået er blitt for høgt. Sjølv om vi har godt belegg og bra trafikk, så tener vi ikkje pengar, seier Per Rustberggard.

Han er administrerande direktør ved Pers Hotell. Det tradisjonsrike familie- og konferansehotellet på Gol i Hallingdal har mykje av biltrafikken mellom Aust- og Vestlandet ved utedøra. Men sjølv om hotellet klarer seg, er Rustberggard uroa over å ha stadig færre kollegaer i nabolaget.

Pers hotell

SNART ÅLEINE? - Vi har klart oss, men mange rundt oss har gått dukken, seier sjefen ved Pers Hotell på Gol i Hallingdal.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– På Gol har vi mista mange. Vi må ha meir å vise fra til turistane enn Rema 1000. På sikt vil det svekkje Norge som produkt og reiselivsdestinasjon, seier han til NRK.no.

– Forvitrar og forsvinn

Hotelldirektøren tok onsdag turen over fjellet til Bergen for å stije ansikt til ansikt med stortingskandidatar. I ei gammal skjenkestove på Bryggen sat representantar frå Høgre, Frp, Ap, Sp og Venstre skulerette for å høyre synspunkta frå reiselivsnæringa.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Valdebatt om reiseliv

ANSIKT TIL ANSIKT: Politikarar og representantar frå reiselivet møttest til valdebatt i regi av Hovedorganisasjonen Virke, i ein litt uvanleg setting i ei gammal skjenkestove i Bergen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Rustberggard krev at det nye Stortinget som skal veljast tek grep for å berge reiselivsarbeidsplassar. Stadig fleire vil bukke under. Ikkje minst mange tradisjonelle turisthotell ute i distrikts-Norge, fryktar han.

– For at vi skal vere attraktive for gjestene, så må det reinvesterast i produktet. Då må vere gjennomgåande høg kvalitet. Det har ikkje reiselivsverksemder i Norge råd til i dag. Både destinasjonar og enkelthotell forvitrar og forsvinn.

Merkar nedgang også i Sogn

På debattmøtet i Bergen fekk hallingdølen unison støtte frå kollegaene. I Sogn driv Arne Glenn Flåten Vesterland feriepark utanfor Sogndal. Han rapporterte om dårlege tider.

Vesterland på Kaupangerskogen

MERKAR FINANSKRISA: Her på Vestlerland feriepark på Kaupanger i Sogndal har det blitt færre turistar. Eigar Arne Glenn Fråthen krev meir konkurransedyktige vilkår.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Sogn er ein av regionane med flest utanlandske turistar. Men vi merkar ein markant nedgang, spesielt på den europeiske marknaden. Den oversjøiske marknaden held seg noko betre, men vi har ein nedgang som vi merkar godt, seier Flåten.

Høge kostnader

Hotelleigaren viser til at lønnskostnadene på hotell i Norge utgjer om lag 40 prosent av utgiftene. I Tyskland er talet 24 prosent, mens det i Thailand er sju prosent.

– Når vi då blir fortalt av Innovasjon Norge og slike at vi skal levere unike opplevingar, levere kvalitet og ta oss skikkeleg betalt, då er det noko som ikkje heilt går ihop. Då treng vi betre rammevilkår for å levere dei produkta vi bør levere.

– Men er det realistisk å skulle senke norske lønningar?

– Nei. Men det kan gjerast noko med ting som moms på overnatting. Når du reiser ut av landet, betaler du ikkje moms på flyreisa di. Men når turistane kjem til Norge, betaler dei moms på både overnatting og servering. Det er eitt rammevilkår som det bør gjerast noko med. Og arbeidsgjevaravgifta er urimeleg høg. Spesielt for oss som har mange sesongarbeidarar som går inn og ut, så betaler vi full arbeidsgjevaravgift. Det noko politikarane enkelt kan gjere noko med.

Valdebatt om reiseliv

DYSTERT: Representantar frå store reiselivet såg mørkt på framtida under valdebatten i Bergen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Eigen turistminister?

Aller helst vil reiselivet ha ein eigen statsråd med ansvar for reiselivsnæringa, slik fleire land har. I dag er ansvaret for næringa spreidd under fleire statsrådar, som næringsministeren, kommunal- og regionalministeren, landbruks- og matministeren.

– Det kan vere vegen å gå. Det som er viktig, er at vi definerer kva turisme eigentleg er. Om det er by og land, om det er distrikt, eller kva det er. Og at vi fokuserer og spissar turismesatsinga, seier Vibeke Tvedt Raddum, Europa-direktør i turoperatøren Timlare Corporation.

Stortingskandidat for Hordaland Ap, Ruth Grung, kjenner seg derimot ikkje trygg på at ein turistminister vil gjere nokon skilnad.

– Eg er veldig usikker på. Men dei må få auka fokus. Innspela vi har fått i dag om at dei kjenner seg dårleg i varetekne nasjonalt i departementet rimar ikkje med engasjementet vi har lokalt. Eg trur ein må sjå etter nye marknader. Dei har nok kanskje sett for mykje på utanlandske turistar, og for lite på kjøpekrafta lokalt. Dei må kanskje spisse seg inn meir mot opplevingar, familiar, aktivitet, natur og ikkje minst mat, er rådet frå Ap-kandidaten.

Eg avviser ikkje tanken om eigen minister.

Lars Egeland, stortingsrepr. (SV)

Ulike parti - ulike løysingar

Regjeringskollega SV er hakket meir tent enn Ap på tanken om nok ein statsråd.

– Eg avviser ikkje tanken om eigen minister. Vi kan gjerne ha fleire statsrådar, vi, seier stortingsrepresentant Lars Egeland.

Men lovnaden som klang best i reiselivsrepresentantane sine ører kom frå Høgre og Ove Trellevik, sjette kandidat for Hordaland Høyre.

– Vi må lage oss ein reiselivsstrategi, og vi må få ned skattar og avgifter, sa Trellevik i sitt sluttinnlegg.

Valdebatt om reiseliv

FEKK TILSNAKK: Politikarar frå fem parti var til stades på Bryggen i Bergen. F.v.: Ove Trellevik (H), Helge André Njåstad (Frp), Ruth Grung (Ap), Sveinung Tungesvik (Sp) og Lars Egeland (Sp).

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Forskar: – Kan neppe berge alle

I mellomtida vil mange verksemder i reiselivsnæringa slite, stadfester forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking i Sogndal. Men det gjeld ikkje alle.

– Det er eit differensiert bilete. Ikkje-fritidsdelen av reiselivet går så det susar i byane med konferansar. Det er generelt distrikts og turustidelen som slit. Men også enkelte av desse gjer det bra. Dei som har opplevingar, og ein del campingplassar. Men dei gamle turisthotella i turista har det tungt. Cruisenæringa aukar, hotella på land minkar.

Forskaren trur åtte år med raudgrøn regjering har hatt lite å si.

– Det er dei store trendane som slår ut. Lønnsnivået i oljeøkonomien - og finanskrisa i så godt som alle andre land enn i Norge.

Om tradisjonsrike hotell som slit i distriktsnorge kan bergast, er Aall usikker på.

Bryggen i Bergen i gråvær

STORBYANE GÅR BEST: Mens tradisjonsrike turiststader i distrikta slit, går reiselivet best i byane. - Ikkje minst dei som driv innan konferanseverksemd, seier forskar Carlo Aall.

Foto: Keilen, Berit / NTB SCANPIX

– På kort sikt kan ein tekne seg endringar på avgifter som moms og arbeidsgjevaravgift, men på lengre sikt er det klart at i ein oljebasert økonomi så vil andre arbeidsintensive næringar som er utsett for konkurranse, som turisme og landbruk, vil få det tyngre og tyngre.

Har trur på eige departement

– Vil ein eigen turistminister ha noko å seie?

Ein statsråd vil nok berre vere symbolsk. Det er ikkje nok med ein general, du må ha ein hær bak.

Carlo Aall, forskingsleiar ved Vestlandsforsking

– Ein statsråd vil nok berre vere symbolsk. Det er ikkje nok med ein general, du må ha ein hær bak. Viss ein vil gjere noko stort med reiselivsnæringa, så må ein bygge om. Anten lage reiselivsavdelingar i departementa, eller så må ein laga eit eige reiselivsdepartement, trur forskaren.

For det er ein tanke Aall ikkje er framand for.

– Det må jo være ein grunn til at andre land har oppretta det. Det kan ikkje berre vere symbolsk, seier forskingsleiaren ved Vestlandsforsking.