Hopp til innhold

Trua med kniv på bybanen

Ein person trua andre passasjerar på bybanen med kniv, og politiet rykka ut med væpna patruljar til Lagunen i Bergen.

Bybanen i Bergen på Nesttun

TRUA: Ein person trua andre passasjerar på bybanen med kniv. Dette bildet har ikkje noke med dagens hendelse å gjere.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Det har skjedd nokre truslar med kniv inne i ei av vognene på bybanen, og fleire personar skal ha blitt trua med kniv, seier Bjarte Rebnord, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

– Dette heldt fram ute på perrongen, og ut på Lagunen, seier han.

Politiet sende dei patruljane som var tilgjengelege, og alle var væpna.

Arrestert etter kort tid

Politiet fekk melding om saka klokka 19.13 av ein vektar på bybanen, og bybanen stod då på Lagune-stoppet. Under eitt minutt etter gjekk personen ut av bybanen.

– Og etter kort tid blei ein person arrestert, seier Rebnord.

Vektaren som melde om saka blei også trua. Den mistenkte personen i begynnelsen av 40-åra vart arrestert av politiet klokka 19.17. Han sit no i varetekt og vil bli avhøyrt i morgon.

– Det skal ha vært ein uvoerenstemmelse mellom fleire passasjerer som førte til episoden. Kva uvoerenstemmelsen bestod i veit enno ikkje politiet.

– Me er framleis i kontakt med vitne, for å få klårleik i saka, seier Rebnord.

Ingen har blitt varsla skadd, eller har hatt behov for helsehjelp.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold