Hopp til innhold

Tre nye Walde-selskap til skifteretten

Ytterlegare tre selskap i det store entreprenør-konsernet Walde er slått konkurs.

Fagforeiningsmøte - Walde-tilsette

FEKK ORIENTERING: Tilsette i entreprenørselskapet Walde på veg inn til møte med fagforeininga Union onsdag ettermiddag. Torsdag morgon var det over og ut for tre nye Walde-selskap.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

Walde

HALVFERDIG KYRKJE: Walde entreprenør har slått seg konkurs, og kyrkja dei heldt på å bygge i Knarvik blir ståande halvferdig inntil vidare.

Foto: 03030-tipser

Dermed blir stadig fleire tilsette råka av kollapsen i Nordhordland-selskapet med adresse på Frekhaug i Meland kommune.

Fem selskap til skifteretten

173 personar stod frå før utan arbeid etter at Walde Entreprenør og Walde Byggevare tysdag morgon gjekk til skifteretten. No har også morselskapet Walde Gruppen, Walde Hus, Walde Bolig meldt oppbod, skriv avisa Nordhordland.

– Vi har no fått konkurbegjæring på tre nye Walde-selskap, stadfester Arvid Bognøy i Nordhordland skifterett overfor avisa.

Dei tilsette i selskapa som no står utan jobb må sjå langt etter desemberlønna. Konkursen eit av Bergens-regionen sitt største entreprenørselskap råkar ikkje minst Meland hardt: Ordførar: - Dette er forferdeleg trist

Nav mobiliserer

NAV vart raskt involvert etter at konkursane vart kjend, og har mellom anna utvida opningstida ved kontoret i Knarvik. Dei er no i gang med å registrere og behandle søknader om dagpengar som ein del av dei tilsette har krav på.

Tommy Johansen

LOVAR HJELP: Assisterande fylkesdirektør i Nav Hordaland, Tommy Johansen.

Foto: NRK

– Det vil gå noko tid før desse vert utbetalt, men vi jobbar så fort som mogleg, seier assisterande fylkesdirektør i NAV, Tommy Johansen.

Det er likevel på det reine at utbetalingane frå Nav ikkje kjem i gang før etter jul.

– Det er klart det er tøft med ein konkurs før jul. Dei får ingen utbetaling av desemberløn, inga trygd, ingenting som kjem inn på konto når det normalt kjem ei løn med halv skatt. Då kan ein tenke seg at det ikkje er noko hyggjeleg, seier leiar i fagforeininga Unionen, Stein Bruse Hofstedt.

Desse selskapa er råka av konkursen:

Stein Bruse Hofstedt

SLÅR RING OM DEI TILSETTE: Fagforeiningsleiar Stein Bruse Hofstedt i Union.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK
  • Walde Gruppen AS (morselskap)
    200 tilsette
    Omsetnad 2012: 459 millionar kroner
    Resultat før skatt: – 22,6 millionar kroner
  • Walde Hus AS
    ni tilsette
    Omsette for 39 millionar kroner i 2012
    Resultat før skatt: – 1,3 mill. kroner
  • Walde Bolig AS
    ni tilsette
    Omsette for 199 millionar kroner i 2012
    Resultat før skatt: 32 millionar kroner
  • Walde Entreprenør AS
    150 tilsette
    Omsetnad 2012: 200 millionar kroner
    Resultat før skatt: – 30,4 millionar kroner
  • Walde Byggevare AS
    38 tilsette
    Omsetnad 2012: 86,8 millionar kroner
    Resultat før skatt: – 9 millionar kroner
    Kjelde: purehelp.no

Walde-konsernet omfattar også selskapa Isdal Eiendom, Walde Utvikling, Rekne Hus, Mjåtveit Næringsutvikling, Skuteviksboder 9 og WUH AS. Desse verksemdene er så langt ikkje melde inn til skifteretten.

Trur mange finn seg arbeid

Vintersesongen er normalt ein laber sesong for byggebransjen, men aktiviteten i Hordaland er for tida stor. Nav har tru på at dei fleste som no har mista jobben hos Walde, vil ha funne seg nytt arbeid opp mot påske.

– For erfarne ingeniørar og personar med fagbrev vil det vere gode moglegheiter, trur den assisterande fylkesdirektøren i Nav.