Hopp til innhold

Trafikkulykke ved Vaksdal

Ingen personskade etter ei trafikkulykke på E16 ved Vaksdal.

NRK får opplyst av politiet at to personbilar hadde kollidert i eit kryss ved avkøyrsla til Vaksdal senter klokka 07.46.

Det vart først meldt om at ein person var skadd, men politiet opplyser at det er ingen personskade.

– Det er ingen personskadar, men den eine bilen har fått store materielle skader, seier operasjonsleiar Jan Tore Heggholmen i Hordaland politidistrikt.

Politiet vurderer å beslagleggje førarkortet til sjåføren i den eine bilen, då vedkommande som skulle ut på E16 hadde brote vikeplikta.

Vegtrafikksentralen kunne opplyse at ulykka ikkje hindra trafikken.