Hopp til innhold

Tinder-sex gir syfilis-bombe

Stadig fleire får syfilis. I Hordaland er talet på tilfelle av kjønnssjukdomen firedobla på eitt år. Det er spesielt menn som har sex med menn, som gjer at smittetilfella aukar.

TINDER OG GRINDR: Appar for sextreff får skulda for auken i syfilis.

Daniel Mekki

ER UROA: Daniel Mekki i Landsforeininga for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar seier mange menn i faresonen let vere å teste seg.

Foto: Ole-Andrè Lagmandokk / NRK

– Eg trur at appar som Tinder, Grindr og andre appar for sextreff gjer at smitta aukar. Ting skjer litt raskt. Det er sjeldan mykje planlegging før eit sånt treff, seier Daniel Mekki i Landsforeininga for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.

– Dei som er mest i faresona er dei som aldri testar seg. Menn som har sex med menn som gjerne ikkje definerer seg som homofile. Dei har gjerne kone og born. Det er ofte dei som testar seg minst, seier Mekki.

Kallar det for ein epidemi

Turid Thune

MEINER AT FOLK BØR VERE MERKSAME: Overlege Turid Thune seier at syfilis er ein svært alvorleg sjukdom dersom ein ikkje kjem under behandling.

Foto: Thomas Barstad Eckhoff / Den Norske Legeforening

Stadig fleire kjem likevel til lege. Ved Haukeland universitetssjukehus merkar dei stor pågang. Der er overlege Turid Thune ved hudavdelinga blant dei som tar i mot dei.

– Me har ein epidemi på gong i Hordaland. Sjukdomen har heilt sidan tusenårsskiftet vore utbreidd i Oslo-området. Me har berre venta på at den skulle spreie seg til resten av landet. Så det var ikkje uventa for oss som arbeidar med desse sjukdomane at det skulle kome ein slik auke i Hordaland og, seier Thune.

Svært alvorleg sjukdom

Ho kan bekrefte at syfilis først og fremst rammar menn som har sex med menn. Samtidig er det all grunn for folk generelt å vere merksame på sjukdomen.

Sår på penis

SYFILIS I FØRSTE STADIUM: Sår på penis.

Foto: dermis.net / NRK

– Syfilis er ein alvorleg tilstand, og kan ha alvorlege konsekvensar om den ikkje vert oppdaga og behandla. Det er ikkje slik at ein vert så veldig sjuk med ein gong, men seinkomplikasjonane kan komme mange år etterpå. kan hende så lenge som 20 til 30 år seinare, seier Turid Thune.

Syfilis kan gje mange forskjellige utslag. Først kan ein få eit sår på den staden ein er smitta. Etter nokre veker kan eit få diskre utslett. Ein kan få håravfall, høyrselstap og synstap. Etter kvart vil bakteriane gå inn i organa og kroppen. Det kan gje utviding i hovudpulsåra og ramme nervesystemet. Det er utruleg mange konsekvensar.

– Får ein lamming på nervesystemet er det vanskeleg å rette opp att, seier Thune

– Me er svært uroa. Mange er redde for å gå å teste seg, sjølv om dei veit at dei er i risikogruppa. Syfilis kan behandlast om ein oppdagar det tidleg, men ein bør oppsøka spesialisthelsetenesta.