Hopp til innhold

Tatt for museumsinnbrot

To menn er arresterte etter innbrotet på Sjøfartsmuseet i Bergen i helga.

Grovt tjuveri frå museum

FUNNEN: Her er myntene som vart stolen frå Bergens Sjøfartsmuseum.

Foto: Politiet

Natt til søndag skal to menn ha tatt seg inn i museumslokala på Nygårdshøgden der dei stal tre sølvpokalar, myntar og ein del andre gjenstandar.

Dei to tok seg gjennom ei knust rute. Gjenstandane vart funnen heime hos dei to, skriv Bergens Tidende.

Kjenningar av politiet

Dei to mennene skal vere kjenningar av politiet og er no sikta for grovt tjuveri.

– Dei er 34 og 43 år gamle. 34-åringen vert framstilt for varetektsfengsling onsdag. Det skjer fordi vi meiner det er fare for at han skal gjere nye lovbrot, seier Celin Hauge Andersen, politiadvokat ved Bergen Nord politistasjon til BT.

– Vi vurderer om 43-åringen skal bli framstilt, legg ho til.

Tjuveri frå museum, sølv

STOLEN: Pokalane som vart stolen frå Bergens Sjøfartsmuseum er komme til rette.

Foto: Politiet

Fått tilbake historisk tjuvegods

Per Kristian Sebak, direktør ved Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum er veldig glad etter at politiet fekk tak i det historiske tjuvegodset.

– Eg er utruleg glad og veldig nøgd no. Politiet har gjort ein veldig bra jobb, for det er jo ikkje kjekt når sånt skjer. Så no skal myntene og pokalane få kome tilbake til oss, seier Sebak til NRK.

Det ligg ei spennande historie bak dei tre pokalane som vart stolen.

– Dei er alle i sølv. Den eldste vart gitt av USAs president etter at det bergenske dampskipet Carl Konow redda eit amerikanske skip i naud i 1887, seier direktøren.

Den andre pokalen er frå første verdskrig, i 1917 og vart også gitt etter redningsdåd.

– Den tredje vart gitt til ein kaptein for lang og god teneste, seier Sebak.