Hopp til innhold

Straumen tilbake - togene går igjen

Straumbrot ved jernbanestasjonen i Bergen har ført til store forsinkelsar i togtrafikken.

Jernbanestasjonen Bergen

STRAUMBROT: Det er varsla om straumbrot ved Jernbanestasjonen i Bergen. Ingen tog kjem seg inn eller ut frå stasjonen. Biletet er frå eit straumbrot ved Jernbanestasjonen i juni.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

SISTE: Klokka 16.30 melder Jernbaneverket at straumen er delvis tilbake på nokre spor.

– Det betyr at togbanen er gong, men med store forsinkelsar, seier Kjell Bakken i Jernbaneverket.

Feilen skuldas torevér

Det er torevéret og dei store haglbygene som skuldast straumbrotet, seier Bakken.

– Haglbygene førte til ein valdsom senking i temperaturane, noko som førte til at fleire isolatorarar av glass sprakk.

Store forsinkelsar

NSB jobbar me då organisere bussar for sine reisande som no må vente på Arna stasjon.

– Me jobbar med å organisere alternativ transport. Det kjem til å bli forsinkelsar, og me beklagar dette, seier Liv Eggebø, pressevakt i NSB til NRK

Like før klokk 17.00 melder Jernbaneverket at ettermiddagstoget frå oslo er 90 minuttar forsinka, medan toget frå Bergen til Oslo er ein time forsinka