– Då er det ei stor ære for meg å erklære AdO arena for opna, seier Erna Solberg i det ho klipte snora i anlegget.
Statsministeren er tidlegare symjar i Bergen svømmeklubb takka for invitasjonen for å opne det ho kalla eit nytt symjeeventyr.
SJÅ STATSMINISTEREN OPNE ADO ARENA:
– Litt for dyrt
AdO arena blei 400 millionar kroner dyrare enn budsjettert, og symjeanlegget har ein foreløpig prislapp på 1 milliard og 61 millionar. Sju månader før anlegget skulle stå klart vart det oppdaga ein vasslekkasje i taket.
- LES OGSÅ:
Statsminister Erna Solberg poengterte prosessen rundt å bygge symjeanlegget.
– Jada, det blei litt for dyrt, tok litt for lang tid, men no er eventyret her, utgangspunktet for å verkeleg kunne få endå betre satsing på symjing, seier Erna Solberg.
– Anlegget kjem til å gagne breiddeidretten, toppidretten, og hobbysymjarane. Eg veit det har vore jobba lenge, og det er mange som har venta på å få eit 50-meters basseng her vest, sa ho vidare.
Ho nemnde også særskilt ein som mangla under opninga, nemleg Alexander Dale Oen, som også den nye arenaen er kalla opp etter.
SJÅ HEILE TALEN TIL ERNA SOLBERG:
Vatn frå 33 kommunar
I gåve til AdO arena vart det samla inn vatn frå alle dei 33 kommunane i Hordaland.
– Dette er eit idrettsanlegg i verdsklasse. Eg har med ei drope vatn frå kvar kommune i fylket som ei symbolsk gåve, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen i ei pressemelding.
Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune har samarbeide om bygging av det nye symjeanlegget og den nye Amalie Skram vidaregåande skole.
– Dette er ein gledas dag for alle som driv med symjeidrett på heile Vestlandet. Det er fantastisk kva vi får til når Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune jobbar saman, seier Nilsen.
Takka for heider
– Dette er ein spesiell dag for norsk symjing, for Bergen by, og ikkje minst ein spesiell dag for oss i familien Dale Oen, seier Robin Dale Oen i sin tale.
AdO arena er kalla opp etter Alexander Dale Oen, og Robin takka for at valet fall på å heidre bror hans då namnet skulle bestemmast.
- LES OGSÅ:
– Mange har nesten kravd at anlegget skulle heite Alexander Dale Oen arena, men me i familien tok ikkje dette som noko sjølvfølge. Me er særdeles audmjuke og takksame for valet som er gjort, seier Dale Oen.
– Dette er ein spesiell dag for oss, seier han.
SJÅ TALEN TIL ROBIN DALE OEN: