Hopp til innhold

Kongen av motbakkeløp: – Slik burde du trene

Fjorårets vinnar i herreklassen Torbjørn Ludvigsen, lovar ny rekord i årets Løvstakken Opp. – Ein må trene seg opp mentalt før løpet, lyd eit av tipsa frå rekordinnehavaren.

Stoltzekongen

MYE TRENING: Til sammen får Torbjørn Ludvigsen sponset tre av fem arbeidsdager i uken, slik at han kan trene. Onsdag kveld testet han formen i løypen til Løvstakken opp, som arrangeres torsdag.

Foto: Magnus Aamo Holte

Motbakkeløp er ikkje lenger berre for dei spesielt interesserte. Når startskotet går for Løvstakken Opp i dag, er det nesten 500 påmelde deltakarar som saman skal gi alt i ein 2,1 kilometer lang motbakke.

Mosjonsklassen startar mellom klokka 12 og 13, medan dei som skal konkurrere om den beste tida og heideren som følgjer med stiller til start klokka 13.15.

Blant konkurranseløparane står Torbjørn Ludvigsen, habil motbakkeløpar og fjorårets rekordinnehavar. Men å slå fjorårets vinnar i herreklassen skal ifølgje han slett ikkje vere umogleg.

– Eg sprang eit marathon i Spania på søndag. Beina er litt slitne i forhold til kva dei burde ha vore. Det er alltid håp om å slå meg. Sigeren tek eg aldri for gitt.

Ny rekord blir det uansett i år, garanterer Ludvigsen.

– Eg er 100 prosent sikker på at rekorden min blir slått i morgon. Enten av meg sjølv eller av nokon andre. Det er ingen spesielt god tid, og den ryk garantert.

– Tren etter målet ditt

Stoltzekongen 2

REKORDPÅMELDING: Over 500 har meldt seg på Løvstakken Opp. Onsdag kveld tok frivillige den siste finishen av løypen, før løpet torsdag.

Foto: Magnus Aamo Holte

Kor mykje ein bør trene før eit motbakkeløp, kjem an på kva ein ønskjer å oppnå, meiner Ludvigsen.

– Ta eit par rundar der du skal springe og sjå kva tid du får. Ligg du langt bak målet, må du ute og trene. Du må bruke nokre timar i veka til dette.

– Eg trenar frå 15–20 timar i veka. Men det betyr ikkje at alle skal gjere det. Då byrjar ein trene mot eit nivå som ikkje alle nødvendigvis skal nå. Tren for å oppnå dine eigne mål.

Også mental trening er viktig, meiner fjorårets vinnar.

– Uansett kva løp du spring, vil du komme til eit punkt der kroppen seier «stopp, no orkar eg ikkje meir». Då må du kjempe i mot hovudet og gå vidare. Det krev litt trening å klare å halde fram når du er så sliten.

– Godsnakk med deg sjølv, ros deg sjølv og tenk på kor godt det er når du er ferdig og har klart det sjølv om det er tungt.

Matråd for eit godt motbakkeløp

Å fullføre Løvstakken opp er noko alle kan gjere, meiner Torbjørn Ludvigsen. Han meiner dagane før løpet er dei viktigaste, Ludvigsen.

– Fyll godt opp med karbohydrat som poteter, ris og pasta. Et litt lett mat. Ikkje gå laus på ein tung biffmiddag, for det kan sitte igjen i magen lenge og kroppen kan bli litt dorsk. Et fugl eller fisk og rikeleg med grønsaker.

På sjølve løpsdagen kan ein ete ein vanleg frukost, meiner Ludvigsen. Men ikkje et for mykje.

– Fyller du opp magen med mykje mat brukar kroppen mykje tid på å fordøye det i staden for å ha muskelgruppene som fyrste prioritet.

Rekordstor påmelding

Patricia Flataker

SKRÅSIKKER PÅ NY REKORD: Arrangør av Løvstakken Opp, Patricia Flataker trur på nye rekordar i både herre og dameklassen i år.

Foto: Privat

Stadig fleire motbakkeløp vert arrangert kring om i Hordaland. Motbakkeløparar har allereie fått bryna seg på Fløyen Opp og Ulriken Opp. Neste for tur er altså Løvstakken Opp, før mellom anna Gullfjellet Opp 7. juni og Stoltzen Opp 26. og 27. september.

Arrangør Patricia Flataker seier påmeldinga til årets løp har gått over all forventning.

– Nesten 500 ha meldt seg på. Eg trur det blir rekord. Det er jo blitt veldig trendy å delta på slike løp.

Flataker meiner det er viktig at barn og unge skal få sjå moglegheitene med å springe i fjellet.

– Det er difor eg har fått i gong dette løpet, for at dei skal sjå moglegheitene her. Det er viktig at alle kjenner dei kan delta.

Nytt av året er fellestreningar før løpet. Fjoråret vinnar i herre- og dameklassen, Torbjørn Ludvigsen og Kirsten Marathon Melkevik har hatt eigne fellestreningar med løparar i forkant. Det same har Yngve Kiserud som tok andreplass i herreklassen i fjor. Fjellgeitene har også hatt ei trening.

Arrangøren er skråsikker på at rekordane frå i fjor kjem til å bli toppa.

– Ja, eg er ikkje i tvil. Torbjørn Ludvigsen sprang på 14, 13 fjor. Eg trur han kan komme på tolvtalet. I dameklassen sprang Kirsti Marathon Melkevik på 16, 25. Eg tippar ho kjem ned på 15 i år, slår Flataker fast.