Hopp til innhold

No får dei sleppa til på DNS

Han måtte til nabofylket for å få nokon til å setje opp hyllesten av Ivar Medaas. Men no slepp Claus Sellevoll endeleg til på Den Nationale Scene.

Video frå generalprøva til kabareten "Dar kjem dampen".

Startfoto: Alf Vidar Snæland for Sogn og Fjordane Teater. Foto/redigering: Silje Steinnes Bjerknes. Reporter: Guro Kvalnes. Opptaka er gjort på ein generalprøve i Sogn og Fjordane.

For han ville Den Nationale Scene vore "piece of cake".

Claus Sellevoll om Ivar Medaas

Førstkomande fredag og laurdag vert stykket "Dar kjem Dampen" sett opp som gjestestykke på Den Nationale Scene i Bergen. Oppsetjinga har hatt stor suksess på Sogn og Fjordane Teater etter premieren 20. februar i år.

Claus Sellevoll fortel til NRK at han lufta ideen om stykket til DNS først.

– Vi var i møte med dei for nokre år sidan. Årsaka til at det ikkje vart plukka då var det nok fleire grunnar til. Vi var ikkje veldig godt førebudd og DNS ville gjerne sjå eit manus først. Og teatersjef Agnete Haaland tente vel ikkje heilt på ideen heller, vedgår Sellevoll.

Plukka opp av nabofylket

Ivar Medaas

I ROLLA: Claus Sellevoll som den folkekjære visesongaren Ivar Medaas.

Foto: Pressefoto / Sogn og Fjordane teater

Det var tilbake i 2007 at han saman med Arvid Ones, som har regien, fekk ideen til stykket. Hjå DNS nokre år seinare fekk dei altså nei. Men gjennom ein artikkel i Bergensavisen fatta teatersjef Terje Lyngstad i Sogn og Fjordane Teater interesse for stykket. Han tok så kontakt med Sellevoll.

– Han likte det og var sikker på at vi ville klara å setje i stand ein slik kabaret. Så vi hadde møtet med han og heldigvis tok han sjansen, seier Sellevoll som sjølv spelar rolla som Medaas i stykket.

«Dar kjem Dampen» er ei førestilling som hyllar den populære visesongaren Ivar Medaas frå Alversund i Nordhordland. Publikum vert tekne med tilbake til ei tid då kai og krambu var viktige møteplassar for bygdefolket, og til ein kultur som er i ferd med å gå i gløymeboka.

Medverkande i førestillinga er Olav Stedje, Aage Vaksdal, Annlaug Børsheim, Per Janke Jørgensen og Claus Sellevoll.

DNS tok kontakt

Og kabareten vart godt motteke. Sellevoll fortel om ei flott ferd gjennom nabofylket i nord.

– Det var fantastisk og oppsetjingane var godt besøkt. Og de mindre bygdene var, desto fleire folk kom det. Og det var jo også litt av kvaliteten med Ivar Medaas.

Og den positive merksemda gjorde at DNS til slutt kom på bana. Fredag 2. mai går "Dar kjem Dampen" på den ærverdige scena i Bergen.

– Det er noko spesielt med DNS og dette blir eit anna format. Vi gler oss, fortel Sellevoll og legg til at salet av billettar til dei to førestillingane går godt.

Å spele på DNS er stort for dei som medverkar i stykket, men for Medaas ville det kanskje vore annleis.

– For han ville DNS vore "piece of cake", ler Sellevoll.

– Han gjorde stor karriere som revyartist på Chat Noir, ABC Teateret og Oslo Nye Teater.

– Høgt under taket i Bergen

Den folkekjære visesongaren blir rekna for å vera ein av dei største ambassadørane for Nordhordland og bruk av dialekt på scena.

– Korleis trur du bergensarane tar i mot stykket?

– Det er høgt under taket i Bergen i dag. Terskelen er ikkje den same. Og bymann og stril har vel blanda seg litt meir enn korleis det var tidlegare. På 50- og 60-talet ville kanskje motstanden vore annleis enn i dag, trur Sellevoll.

No håpar han på fullt hus, gode tilbakemeldingar og kanskje også førestillingar i resten av Hordaland og på Austlandet.

– Det hadde ikkje vore oss i mot, vi har fått ein del førespurnader frå distriktet. Me får sjå.

Dar kjem dampen

MYKJE SONG: Teaterstykket er fylt med viser og songar. Frå venstre: Aage Vaksdal, Olav Stedje, Claus Sellevoll og Annlaug Børsheim.

Foto: Pressefoto / Sogn og fjordane teater