Hopp til innhold

Skal stogge kunstnarflukta frå Bergen

Bergen har fått eit nytt hus for scenekunst. Laurdag opnar Cornerteateret på Møhlenpris, og det nye teaterhuset skal stogge kunstnarflukta frå byen.

Linda Børnes og Cornerteateret

ENDELEG: Linda Børnes i Proscen er svært glad for det nye teateret på Møhlenpris. – Cornerteateret er eit hus for alle scenekunstnarane i Bergen som til no har mangla eit lokale.

Foto: Turid Rogne / NRK

– Dette er eit hus for alle scenekunstnarar i det frie feltet, som dei siste 30 åra ikkje har hatt noko hus å vera i, seier ei engasjert Linda Børnes.

Ho er dagleg leiar i Proscen, og er svært glad for at det nye teateret på Møhlenpris i Bergen no opnar dørene for fullt.

– Det har sidan tidleg 80-tal vore eit stort problem at det ikkje har vore noko produksjonslokale for den frie scenekunsten i Bergen, held Børnes fram.

Verna bygning

Huset på Møhlenpris er eit verftshus og stod ferdig i 1890. Den tidlegare lagerbygningen høyrde til den første verftsindustrien på Marineholmen.

No høyrer den til den frie scenekunsten i Bergen og omland, og husar tre etasjar. I første etasje er det to black boxar som kan halde førestillingar samstundes, medan det er studiorom og kontor i dei andre etasjane.

Artikkelen held fram under videoen

Det nye teaterhuset i Bergen.

Sjå det nye teaterhuset i Bergen. Cornerteateret opnar dørene laurdag 7. september.

Børnes fortel at ideen om å gjera lagerbygningen om til eit pulserande teaterhus kom for tre og eit halvt år sidan.

– Huset har spesielle strekkstag i taket som gjer at det er verna. Difor måtte eigaren Rieber bestemma seg for kva bygget skulle brukast til. Heldigvis var Vestlandske Teatersenter på telefonen og lurte på om dei ville vera med på den elleville ideen om å laga eit teaterhus av det, fortel Børnes.

– Har vore sårt sakna

Teateret skal huse Vestlandske Teatersenter som driv aktivitetar for barn og unge, i tillegg til at uavhengige teatergrupper får øvingslokale og scene der.

– Dette vert eit produksjonshus. Det vil seie at aktørar for moglegheita til å laga teater frå botnen av sidan huset har fasilitetar på lyd, lys og scenografi. Eit slikt hus har vore sårt sakna her i Bergen, seier Børnes.

Skal stogge kunstnarflukta

Børnes meiner det har vore ei utfordring for scenekunstmiljøet i Bergen å ikkje ha eit eige lokale.

– Det skjer ei utarming av miljøet. Det er ikkje berre kunstnarar som då flyktar, men også tilstøytande roller som scenografar, teknikarar og designarar. Dei har ikkje hatt gode nok levekår her, når det ikkje vert produsert nok scenekunst, forklarar ho og seier at huset vil utgjera ein stor forskjell.

– For no sluttar kunstnarane å flykte til Oslo?

– Ja, no blir dei her! Dette huset vil gjera at det blir produsert meir og av høgare kvalitet. Vi er fullbooka heile neste år, smiler ho.

Artikkelen held fram under biletet

De selektive på Cornerteateret

BLACKBOX: Ein glad gjeng i ein av blackboxane i teaterhuset. Frå høgre: teaterprodusent Millan Persdotter Persson og Linda Børnes i Proscen. Line Stokland Røthing og Harald Ottesen Nødtvedt er skodespelarar i stykket «De Selektive» som går i oktober.

Foto: Turid Rogne / NRK

Oppkalla etter manglande hjørne

Årsaka til det spesielle namnet på teateret, finn ein eit kort innkast over vegen. Cornerteateret er nemleg næraste nabo til fotballbana på Møhlenpris.

I mange år var stadionet godt kjend for å mangla det eine hjørne på bana, noko som gjorde det nærast umogleg å ta eit hjørnespark under ein fotballkamp.

– Det er eit fint namn. Me ligg jo rett ved sida av dette hjørnet, så sida me har den forankringa så valde med til slutt det namnet til teaterhuset. Og det følast riktig i forhold til kva huset skal romme også, seier Børnes.

Innhaldsrik opning

Den store opninga laurdag vert innhaldsrik. Børnes fortel at dei skal visa fram eit tverrsnitt av det huset skal romme. Det vert talar og smakebitar på det som står på programmet i haust.

– Mellom anna vert det utdrag frå stykket «Gatenes heltar» som har premiere neste helg.

Teaterstykket «De Selektive» skal også syne fram eit utdrag på opningsfesten i morgon. Stykket tar opp temaet om sorteringssamfunnet, og skal ha to førestillingar 4. oktober.