Hopp til innhold

Elevane i Hordaland vil ha Erna

Høgre gjer sitt beste skuleval i fylket nokosinne med 31,4 prosent av stemmene. Sjå resultata frå din skule her!

Erna Solberg

ELEVANE VIL HA ERNA: Høgre får 31,4 prosent av stemmene under skulevalet i Hordaland. Dei gjer sitt beste skuleval nokosinne, både i Hordaland og på landsbasis.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

På landsbasis gjer Høgre sitt beste skuleval nokosinne. Trenden er den same i Hordaland, der partiet er det klart største etter at 14 699 vidaregåande elevar ved 51 skular har gjeve si stemme.

Skulevalet i Hordaland

 

2013

2011

2009

2007

2005

Arbeidarpartiet

 17,3

24,9

18,8

10,7

 14,3

Sosialistisk venstreparti

 6,8

4,4

8,6

9,4

 14,7

Rødt

 2,8

3,5

3,8

5,5

3,5

Senterpartiet

 2,8

4,0

4,1

4,3

6,2

Kristeleg Folkeparti

 4,4

4,4

5,4

4,5

4,8

Venstre

 9,6

7,6

9,1

8,2

4,8

Høgre

 31,4

27,0

17,0

21,1

14,0

Framstegspartiet

 14,1

16,4

26,4

28,4

26,6

Miljøpartiet Dei Grøne

 4,3

2,3

2,3

2,7

2,8

Piratpartiet

 4,0

-

-

-

-

Ekspander/minimer faktaboks

Tala er i prosent, og syner utviklinga til partia ved skulevalet i Hordaland sidan 2005. Skulevalet i 2011 er spesielt, grunna 22. juli. Det året vart det ikkje halde skuledebattar.

Høgre får 31,4 prosent av stemmene, og aldri før har det blå partiet gjort eit så godt skuleval i Hordaland.

– Utruleg god kjensle

Jubelen var stor i Høyres hus i Bergen.

– Her er det veldig god stemning. Vi er det største partiet og er nesten dobbel så store som AUF. Det er ei utruleg god kjensle, seier ein glad leiar Erik Skutle i Unge Høgre i Hordaland.

Han seier dette gjev ekstra energi inn i valkampen mest avgjerande fase.

– Vi skal bruke denne positive opplevinga til å mobilisere så mange som mogleg.

Høyres hus

JUBEL: Unge Høgre feira det gode resultatet, både i fylket og på landsbasis, på Høyres hus i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fleire kan jubla

Men det er ikkje berre Høgre som kan jubla for gode tal i Hordaland. Også Miljøpartiet Dei Grøne og Piratpartiet kan seia seg nøgde med årets skuleval.

MDG er større enn Senterpartiet og omtrent likt med Kristeleg Folkeparti i Hordaland, medan Piratpartiet får 4,0 prosent av stemmene.

– 4,3 er eit veldig godt resultat for oss, med tanke på ressursane våre og utgangspunktet vårt, meiner talsperson Ingrid Ophaug Dahl i Grøn Ungdom.

– Dette er det vi treng for å komma oss inn på tinget frå Hordaland.

I AUF vel dei også å sjå positivt på valet, trass ein liten nedgang frå 2009.

– Vi har greidd å forsvara det nasjonale resultatet. Det er vi veldig nøgd med, kommenterer leiar Linn Kristin Engø i Hordaland AUF.

Ingrid Ophaug Dahl

SMILER: Grøn Ungdom i Hordaland seier seg nøgd med 4,3 prosent av stemmene i fylket. Til venstre talsperson Ingrid Ophaug Dahl.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Venstre med framgang

På Bergens eldste skule, Bergen Katedralskule, er det Venstre som er den store vinnaren. Her stemmer nesten kvar fjerde elev det liberale partiet, noko som er 17,5 prosent opp frå skulevalet fire år tilbake. Dei går også opp med 2 prosent i forhold til valet i 2009.

På «Katten» får Dei Grøne 11,9 prosent av stemmene medan Høgre får 12,2 prosent.

Resultatet av skulevala gir som regel ein peikepinn på korleis resultatet av stortingsvalet blir. I dag var siste siste frist for å avvikle val på dei vidaregåande skulane.

SJÅ VIDEO: I dag var siste frist for å avvikle skuleval på dei vidaregåande skulane i landet. Her frå Tanks vgs. i Bergen.

– Kjempar hardt

På landsbasis går Sosialistisk venstreparti tilbake med 5,2 prosent frå 2009. Men i Hordaland er det mindre, for her går SV ned 1,8 prosent frå 2009 til 6,8 prosent i år..

– Vi ligg vesentleg over landsnittet for SV, og det tyder at SU har gjort ein fantastisk jobb på skulane her i fylket, meiner SV-leiar Audun Lysbakken.

– Det lovar godt for sluttspurten, der vi kjempar hardt for å berge SV sitt mandat frå Hordaland, seier Lysbakken.

Kraftig tilbake

Det var tidlegare SV og Frp som gjorde gode val når vidaregåande elevar gjekk til valurnene. I 2005 hadde dei høvesvis 14,7 og 26,6 prosent av stemmene.

Frp går kraftig tilbake i årets skuleval, med 14,1 prosent av stemmene.

Saka vert oppdatert