I fleire år har delfinen som av hyttefolk blir kalla «Delfie» symd rundt i vikene rundt Sotra og vore til stor glede for hyttefolk. Rundt påsketider la nokre hyttefolk merke til noko som likna på eit snøre rundt halsen til delfinen.
Det viste seg å vera eit fiskesnøre som sitt fast rundt halsen til «Delfie» og han kjem seg ikkje laus av det på eiga hand.
– Me har hytte på Nese på Sotra og «Delfie» som han går som hos oss, har kome på besøk inne i vika dei tre siste åra. Han har følgd etter oss når me har vore ute i båt og symd under båten vår, seier Mette Torgersen.
– Han kjem så og sei kvar dag og særleg på kveldstid. Då har han omtrent eit show der han hoppar, men i det siste har det sett ut som han har plagast, forklarer Torgersen.
Kontakta Mattilsynet og Akvariet
Ho og familien oppdaga rundt påske noko rundt halsen på «Delfie».
– Det ser ut som om det har gnege seg meir inn etter som tida har gått, seier Torgersen.
Ho kontakta Mattilsynet og Akvariet for nokre veker sidan og er glad for at det no er planlagt ein hjelpeaksjon for «Delfie».
– Han lid og får det ikkje av seg sjølv, seier Torgersen.
– Me må vera smartare enn delfinen
Direktøren på Akvariet i Bergen var på søndag ute på Sotra og såg på «Delfie».
– Den har fått eit kraftig fiskesnøre rundt halsen, framføre rygg- og bukfinner og bak hovudet som sitt veldig hardt, og som gneg seg gjennom huda og plagar han mykje, seier direktør Kees Ekeli.
Ifølgje Ekeli er delfinen av arten gullflanke delfin, noko som er ein delfintype som lev i spesielle sosiale grupper. Ho-delfinane held seg saman i grupper, medan han-delfinane streifar rundt omkring. «Delfie» er ein ung han-delfin.
– Me må forsøka å fanga den. Viss me greier å fanga den så vil me nok klara å løysa problemet. Den er utruleg rask og utruleg sterkt og utruleg smart, så me må vera smartare enn den for å fanga den, forklarer Ekeli.
– Korleis skal dette skje?
– Me vil helst fanga den med not, fordi det er mykje snillare mot huda med garn og slike ting. Me ønskjer å bruka to nøter og kanskje ei snurpenot samstundes slik at me har backup viss den greier å komma seg ut av den første nota, seier Kees Ekeli.
– Det er viktig å gjera noko
Aksjonen skal etter planen skje i neste veke. Direktøren i Akvariet meiner aksjonen vil vera heilt avgjerande for at «Delfie» skal overleva.
– Eg trur ikkje han overlever med den skaden. Det er viktig å gjera noko. Delfinen er framleis i fysisk bra form, men det er snakk om eit problem som berre blir større og større viss ingenting blir gjort, seier Ekeli.
Mette Torgersen og familien vil gjerne hjelpa til under aksjonen og stiller båtane sine til disposisjon viss det er behov for dei. Torgersen har også høyrt at fiskarar stiller båtane sine til disposisjon.