Hopp til innhold

Person slept opp mot 200 meter etter bil på Sotra

Tilstanden er alvorleg, men stabil for mannen som tysdag kveld blei slept opp mot 200 meter etter å ha blitt påkøyrd av ein bil på Ågotnes.

Mann slept etter bil på Ågotnes

SLEPT ETTER BIL: Ein person vart tysdag kveld frakta til Haukeland universitetssjukehus etter ei alvorleg trafikkulukke på Ågotnes i Fjell.

Foto: Madeleine Elisabeth Finsås

Onsdag morgon melder politiet at mannen som tysdag kveld blei påkøyrd på Ågotnes på Sotra, er ein 27 år gamal mann.

Tilstanden hans er alvorleg, men stabil, ifølgje politiet.

Mannen blei ifølgje politiet påkøyrd, for deretter å bli slept mellom 100 og 200 meter etter ein bil.

Alvorleg skadd

– Det var ei alvorleg ulukke. Ein person er frakta til sjukehus med luftambulanse. Me har rekvirert kriminalteknikar som skal sjå på ulukkesstaden, fortel Inger Myrtvedt som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Onsdag morgon opplyser Hordaland politidistrikt ifølgje NTB at mannen er alvorleg skadd, men at tilstanden er stabil

Etter det politiet veit skal det berre ha vore ein bil involvert i ulukka. Statens vegvesen si ulukkesgruppe skal vera på veg til staden.

Bilføraren til legevakt

Seint tysdag kveld jobba politiet sine kriminalteknikarar på staden.

Føraren av bilen som slepte med seg personen er frakta til legevakt for blodprøve.

– Det er ikkje noko særskild mistanke om ruskøyring, men grunna alvoret ser me det som naudsynt å ta blodprøve, seier Myrtvedt.