Hopp til innhold

Mann sikta for drapsforsøk pågrepen i Oslo

Mannen som er sikta for drapsforsøk etter knivstikkinga ved utestaden Finnegans i Bergen er arrestert i Oslo.

Etterlyser mann etter knivstikking

ARRESTERT I OSLO: Politiet sende denne veka ut dette bilete av mannen som no er arrestert i Oslo.

Foto: NRK/Politiet

Etter knivstikkinga utanfor Finnegans i Bergen førre veke har politiet leita etter ein mann i sixpence.

Mannen blei i natt arrestert i Oslo, og er sikta for drapsforsøk.

Torsdag sende dei ut ei etterlysing av mannen til media. Han var fanga av eit overvakingskamera kort tid etter knivstikkinga. Han hadde på seg sixpence, blårutete skjorte og skal vere nordafrikansk.

To bulgarske menn fekk alvorlege skader etter knivstikkinga, medan ei dørvakt blei redda av ein stikksikker vest.

Meiner det er knivstikkaren

Mannen blei arrestert rundt klokka to i natt.

– Vi meiner no å ha identifisert riktig gjerningsperson, altså knivstikkaren. Vi fann han gjennom vitneopplysningar og videoovervaking, fortel politiadvokat i Hordaland politidistrikt, Janne Ringset Heltne.

Pågripinga skal ha vore udramatisk. Politiet i Hordaland har ikkje snakka med mannen endå. Han er framleis i Oslo og vil blir frakta til Bergen.

– Vi tar sikte på å få til eit avhøyr i løpet av helga, før han vil bli framstilt for fengsling måndag eller tysdag, seier Heltne.

Bur i Bergen

Den sikta mannen har førebels ikkje sagt noko om saka. Politiet ønskjer ikkje å kommenter korleis dei fann ut at han var i Oslo.

Mannen bur i Bergen og er nordafrikansk. Han har budd i Norge i mange år.

Tysdag blei to andre menn arresterte og sikta for medverknad til legemsbeskading. Ein av dei blei seinare sett fri fordi etterforskinga svekka mistanken mot han. Den andre er varetektsfengsla.

Uteplassen Finnegans i Bergen

FINNEGANS: Her skjedde knivstikkinga. To bulgarske menn blei sendt til Haukeland universitetssjukehus med alvorlege skader.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Knivstakk tre personar

Mannen skal ha knivstukke tre personar utanfor utestaden Finnegans i Bergen natt til laurdag førre veke.

To austeuropearar blei alvorleg skadde og blei sendt til Haukeland universitetssjukehus. Dei er begge utan for livsfare no. Også ein av vaktene ved Finnegans blei stukken, men han blei redda av ein stikksikker vest.

Gjerningsmannen skal ha forsvunne i ein bil etter knivstikkinga. Politiet har bedt om tips frå publikum og gått igjennom overvakingskamera i sentrum for å finne han.

Masseslagsmål og kaos

Ein bartender som vart vitne til knivstikkinga i Bergen meiner ein av dei involverte kan ha vore ute etter bråk.

– Det var eit masseslagsmål der 8–10 menn var involvert. Ein av mennene såg ut som han leitte etter bråk, seier bartender som var vitne til knivstikkinga til NRK

NRK har også vore i kontakt med eit vitne som tilfeldigvis kom forbi staden kort tid etter at knivstikkinga hadde skjedd.

– Me såg to menn som låg på bakken. Han eine såg ut til å ha blitt stukken i brystet og han andre i halsen. Det var kaos-stemning der og ei kvinne som stod like i nærleiken av dei som låg på bakken var heilt ifrå seg, fortel vitnet.