Hopp til innhold

– Utopi å tru at samfunnet kan bli narkofritt

Visjonen om eit narkofritt samfunn hindrar at rusmisbrukarar får den hjelpa dei treng.

Narkotikahandel i Nygårdsparken

NULLVISJON TIL HINDER: Venstre i Bergen meiner det er utopisk å tru at samfunnet kan bli narkofritt.

Foto: Marit Stensby

Det meiner Venstre i Bergen. Partiet har sterke meiningar om det dei meiner er feilslått narkotikapolitikk. No tar venstrerepresentant Erlend Horn til ordet for å trekkje Bergen frå det europeiske nettverket, ECAD , samarbeidsorgansisasjonen som har ein visjon om narkotikafrie samfunn.

Det målet er helt utopisk, og det skader mer enn det hjelper.

Erlend Horn, Venstre

– Problemet er at det målet står i vegen for tiltaka. Og det ser vi igjen og igjen i Bergen. Argumentet som blir brukt mot sprøyterom er at vi da gir opp målet om det narkotikafrie samfunn. Det målet er helt utopisk, og det skader mer enn det hjelper, sier Horn, som hevder medlemskapet i ECAD ødelegger narkotikapolitikken i Bergen.

Erlend Horn

VIL SNU NARKOPOLITIKKEN: – Vi må rett og slett stikke fingeren i jorda, og sørge for at flest mogleg får tilbod om å komme seg ut av dette. Men dei som ikkje klarer det, må vi ikkje gjera livet vanskelegare for, seier Erlend Horn.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Medlemskapet er ødeleggjande for den narkotikapolitikken vi bør ta mål av oss å ha i Bergen. Nemleg ein politikk som set skadereduksjon i fokus, seier Horn, som kommer til å fremme forslag om å trekke kommunen fra ECAD på neste bystyremøte.

– Må ikkje gjera livet vanskelegare

Venstre vil at Bergen byter side, og sluttar seg til Frankfurt-resolusjonen. Der har byar som Amsterdam, Zurich og Frankfurt gått inn for ein politikk som i mindre grad kriminaliserer bruk, og i større grad prøvar å redusere plagene til rusavhengige (Sjå faktaboks til høgre)

– Vi må rett og slett stikke fingeren i jorda, og sørge for at flest mogleg får tilbod om å komme seg ut av dette. Men dei som ikkje klarer det, må vi ikkje gjera livet vanskelegare for, seier Erlend Horn.

To motpolar i narkospørsmål

ECAD (European Cities Against Drugs) og Frankfurt-resolusjonen er to heilt ulike nettverk som representerer dei viktigaste motpolane i korleis handtere problema rundt narkotika. Det meiner Svanaug Fjær, som er instituttleiar ved Universitetet i Stavanger.

– Den konflikten kjem først og fremst til syne når det gjeld skadereduserende tiltak. Dei som fortsatt ønskjer å oppretthalde målsettinga om det narkotikafrie samfunnet, er mykje meir skeptisk spesielt til det med sprøyterom, og bruk av stoff på ein mindre skadeleg og risikofylt måte, seier Fjær.

– Vi må ha høge ambisjonar

Eg meiner vi må ha høge ambisjoner i narkotikapolitikken.

Marita Moltu, Krf

I Bergen er motpolane i narkotikapolitikken tydelege. Marita Moltu frå Krf finn seg ikkje i at byen skal skifte side i dette spørsmålet. Moltu vil kjempe vidare med visjonen om ein narkotikafri by.

– Frankfurt-resolusjonen går jo ut på å legalisere og avkriminalisere, seier ho.

– Har de framleis ein visjon om eit samfunn utan narkotika?

– Eg meiner vi må ha høge ambisjoner i narkotikapolitikken. At det skal være eit narkotikafritt samfunn er ikkje feil, meiner eg, seier ho.