Hopp til innhold

Nina øydela for nesten ein halv milliard

Erstatningane nærmar seg ein halv milliard kroner etter at Nina raste gjennom fleire fylke.

vrakrester

STORE ØYDELEGGINGAR: Ekstremvêret Nina raserte både skog, bygningar og båtanlegg dei timane vinden stod på som verst.

Stine Neverdal

MANGE SMÅ SKADAR: Det er svært mange mindre skadar på tak og takstein, seier Stine Neverdal i Finans Norge.

Foto: CF Wesenberg

Det er snart to veker sidan ekstremvêret Nina slo inn over Sør-Noreg og ramma hardt i fleire fylke.

9.000 skadar

Oppdaterte tal viser at det så langt er meldt inn drygt 9.000 skadar som følgje av ekstremvêret Nina. Skadane fører til erstatningar på rundt 450 millionar kroner.

– I tillegg kjem blant anna skadar på bilar, båtar og campingvogner, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge i ei pressemelding.

Organisasjonen administrerer Norsk Naturskadepool, der alle skadeforsikringsselskapa som sel brannforsikring i Noreg er medlemmer.

– Svært omfattande

Finans Norge har ikkje fullstendig oversikt over skadeomfanget ettersom det framleis kjem inn skademeldingar.

I tillegg til skadane etter stormen som herja i Sør-Noreg for snart to veker sidan, gjorde stormfloda skade fleire stader langs kysten.

– Ein del av skadane er svært omfattande, og det er sjølvsagt belastande for dei det gjeld. Men dei fleste skadane dreier seg om mindre skadar på tak og takstein, seier Neverdal.

Verst i Hordaland

Hordaland var det fylket som blei hardast ramma av ekstremvêret Nina.

I tillegg til dei store materielle skadane, førte uveret til at mange tusen mista straum, internett og telefon i fleire dagar.

I Hordaland blei fleire oppdrettsanlegg ramma, og store mengder fisk rømte.

Sjå fleire bilete her:

Eltravågen i Sveio etter Nina
Foto: Tor Andrè Johannessen / 03030-tipser
Ekstremværet Nina treffer Skuteviken i Bergen
Foto: Merete Teigland Mellingen / 03030-tipser