Hopp til innhold

Nygift og nedstrippa Sissel klar for juleturné

Førre gong Sissel Kyrkjebø var på juleturné, hadde ho med seg stort strykeorkester og fullt band. – Denne gongen blir det meir nedtona, fortel den populære artisten.

Sissel Kyrkjebø

JULETURNÉ: Sissel Kyrkjebø førebur seg på juleturneen ho skal ha i desember.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Sissel Kyrkjebø er i desse dagar ute på turné for å promotere julekonsertar som skal gå kysten rundt i desember: Frå Kristiansand i sør til Harstad i nord.

– Førre gong eg reiste på juleturné var med Odd Nordstoga, og då hadde vi med oss stort strykeorkester og fullt band. Denne gongen ville eg ta det meir ned, og har med meg fem musikarar på scenen, samt tre koristar frå New York, fortel ho.

Sa «nei» til Aretha Franklin

Sissel Kyrkjebø

NEDTONA: Turneen i år blir meir nedtona enn den førre juleturneen til Sissel Kyrkjebø.

Foto: Steen Evald

Kyrkjebø, som i august gifta seg med skatteekspert Ernst Ravnaas, seier at grunnen til nedtoninga er eit ønskje om at publikum skal bli betre kjent med dei andre musikarane på scenen.

– Dei tre koristane er heilt fantastiske. Éi av dei er fast korist for Aretha Franklin, og har sagt «nei» til å vere med Aretha Franklin fordi ho skulle til Grieghallen med meg, seier Kyrkjebø.

Konsertane i Grieghallen skjer 10. og 11. desember. Det er lenge sidan sist ho var på turné.

– Eg gler meg, det kjem til å bli så kjekt. Det er noko heilt eige å vere på turné, og å vere på juleturné er endå meir spesielt.

Har vore på juleturné i 24 år

Kyrkjebø er erfaren som artist, og fortel at den første juleturneen hennar var for 24 år sidan.

– Men det er ei heilt spesiell stemning som ligg i songane og den gjengen eg har med meg. Det er ein fantastisk flott gjeng, og vi har det veldig gøy både på scenen, og bak scenen, seier den populære songaren.

Ho meiner at det er viktig at musikarane har det kjekt i lag. På denne måten får også publikum ei betre oppleving.

– Dersom vi har det godt, kan publikum sjå at vi har det godt. Då smittar det litt over på dei også, seier ho.

Har tatt tre sabbatsår

I fjor hadde Kyrkjebø eit sabbatsår, med få konsertar. Heller ikkje i år har ho jobba så mykje som tidlegare.

– Men det har jo gått med ein del tid til å planlegge juleturneen. Det å ha tid til å vere med i heile prosessen har vore utruleg lærerikt, og det er veldig spennande å vere med på, seier ho.

Artisten fortel at ho har jobba ganske hektisk sidan ho var 16 år, men har hatt meir fri dei siste tre åra. I denne perioden har ho arbeidd med ulike tankar om prosjekt ho har ønskt å gjennomføre. Juleturneen var eitt av desse prosjekta.