Hopp til innhold

Hobbyspelarar må køyra tur/retur Aserbajdsjan

Tertnes-spelarane i 3. divisjon må køyra over 8000 kilometer for å spela fotballkampar neste sesong. Kallar det skandale og katastrofe.

Kart
Foto: Google Maps

Daniel Hatland

SKANDALE: Daniel Hatland som spelar for Tertnes kallar oppsettet ein skandale. Bildet er frå ein av kampane denne sesongen.

Foto: Odd Løvset

Serieoppsettet for 3. divisjon er nettopp blitt klart, og reaksjonane lar ikkje venta på seg.

Mange lag må reisa svært langt for å gjennomføra alle kampane.

– Skandale og katastrofe

Tertnes i Bergen er blant laga som blir hardt ramma av dei nye oppsettet. Spelar Daniel Hatland har rekna ut at køyrelengda tilsvarer tur-retur Aserbajdsjan.

Han har lagt ut køyreruter og kart på Twitter, og har kommentert oppsettet med klare ord:

– Ingen tvil om at det er skandale. Det er jo ingen som har tid til det der. Eller lyst, skriv Tertnes-spelaren.

Han seier til NRK at han laga kartet fordi han blei så irritert over dei lange køyreturane.

Eg trur det er mange spelarar som ikkje har høve til å vera med lenger. Vi er jo hobbyspelarar og mange har familie, seier Hatland.

Her er meldinga han la ut på Twitter:

Laster Twitter-innhold

Også sportsleg leiar i Tertnes herrar senior er i harnisk over oppsettet.

– Dette er katastrofe både økonomisk og sportsleg, sett i forhold til belastning på spelarar og støtteapparatet, seier han til nettstaden Hordalandsfotball.

Fordeler belastninga

Norges Fotballforbund (NFF) opplyser at det har blitt meir og meir krevjande etter ei omlegging av 3. divisjon før 2011-sesongen. Nokon lag har fått lange reiseavstandar, men forbundet prøver å utjamna dette frå sesong til sesong.

– Eg har forståing for at dei synes dette er langt, seier fagansvarleg for kampadministrasjon, Are Hokstad, i fotballforbundet.

– I eit forsøk på å endra belastninga som har vore stor på nokre få klubbar enkelte stader, har vi i år snudd på dette med det resultat at klubbar som har hatt mindre belastning tidlegare får større reiseverksemd i år, forklarer han.

3. divisjon består av 12 avdelingar som inneheld 14 lag kvar, med unntak av dei to nordnorske avdelingane som begge består av 12 lag.