Hopp til innhold

Mannen i 60-åra er blitt lauslaten – men er framleis sikta for menneskehandel

Ein mann i 60-åra blei arrestert av politiet i ein aksjon i eit bustadhus på Paradis. I ettermiddag blei han lauslaten.

Menneskehandel på Paradis

HUSET PÅ PARADIS: Dette er huset på Paradis i Bergen som mannen i 60-åra leigde som politiet meiner det har budd 20-30 personar i.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Det var tysdag politiet gjekk til aksjon mot eit hus på Paradis i Bergen der dei meiner mellom 20 og 30 rumenarar skal ha budd.

Ein mann i 60-åra var leigetakar av dette huset og politiet arresterte denne mannen tysdag og sikta han for menneskehandel.

Torsdag ettermiddag opplyser seksjonsleiar Jørn Solsvik ved Bergen sentrum politistasjon til NRK at mannen er blitt lauslaten frå varetekt.

Mistanken er svekka

Jørn Solsvik

ETTERFORSKAR SAKA: Seksjonsleiar Jørn Solsvik i organisert kriminalitet ved Bergen sentrum politistasjon.

Foto: NRK

– Han har forklart seg i dag, og me har kunna sjekka hans forklaring opp mot dei andre opplysningane i saka, og har funne ut at me ikkje treng å ha han varetektsfengsla lenge, seier Jørn Solsvik.

– Er mistanken om menneskehandel styrka eller svekka etter avhøyret?

– Den er nok litt svekka, seier Solsvik.

Men siktinga mot mannen står framleis ved lag.

– Me skal no etterforska saka vidare og så vil etterforskinga visa som siktinga blir redusert, seier Jørn Solsvik.

– Har prøvd å hjelpa landsmenn

– Det overraskar meg ikkje at han blei lauslaten ut ifrå det han har fortalt, og me er sjølvsagt veldig nøgde med at han er lauslaten, seier Steinar Yndestad, forsvararen til mannen i 60-åra.

– Han har bestridd det han er sikta for. Det han har forklart er det stikk motsette, nemleg at han har prøvd å hjelpa desse landsmennene. Han har husa dei og prøvd å få dei vekk frå tigging og over til sal av bladet «Folk er Folk», seier Yndestad.

– Har dei andre som har budd i huset betalt for å bu der?

– Dei har betalt ei rimeleg døgnleige for å bu der, og det er snakk om cirka ti personar som har gjort det, seier forsvararen.

Fann mange soverom i huset

Inne i huset på Paradis som politiet aksjonerte mot tysdag kveld oppdaga dei at reiskapsrom, små kott og loft var blitt innreia som soverom. Politiet mistenkjer at det kan finnast fleire hus med dårlege buforhold og ulovleg mange bebuarar .

Etter aksjonen tysdag har politiet jobba med å finna ut av om det har skjedd menneskehandel, og kva forholdet mellom leigetakaren og dei andre bebuarane i huset er. Det blei også gjort nye undersøkingar i huset i går .

LES OGSÅ: – Vondt å sjå at folk bur under uverdige forhold