Hopp til innhold

– Vi veit at somme leiger hus og fyller dei opp med landsmenn

Politiet mistenkjer at det kan finnast fleire hus med dårlege buforhold og ulovleg mange bebuarar. – No vil vi forsøka å spora opp andre bustader.

Menneskehandel på Paradis

30 PERSONAR: Politiet mistenkte at opptil 30 personar budde i dette huset, og aksjonerte tysdag kveld.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Jørn Solsvik

ETTERFORSKAR: Seksjonsleiar Jørn Solsvik i organisert kriminalitet ved Bergen sentrum politistasjon.

Foto: NRK

Ein utanlandsk mann er sikta for menneskehandel etter at politiet aksjonerte mot eit bustadhus på Paradis i Bergen tysdag kveld.

– Det var heile situasjonen på staden som gjer at vi mistenkjer menneskehandel. Meir kan eg ikkje seie, fortel seksjonsleiar Jørn Solsvik i organisert kriminalitet ved Bergen sentrum politistasjon.

På adressa var registrert to personar, men politiet hadde mistanke om at det var mellom 20 og 30 personar som oppheld seg i huset.

Uverdige buforhold

Då dei aksjonerte tysdag oppdaga politiet uverdige buforhold i huset. Små reiskapsrom og loft utan vindauge var innreia som soverom.

– Vi må finne ut kva som går føre seg. Om det er menneskehandel eller ikkje, det må etterforskinga gje svar på, seier Solsvik.

Han fortel at det var kring 30 personar som oppheld seg i huset då politiet kom til staden, flesteparten av dei er rumenske statsborgarar. Mange av dei la på sprang då politiet aksjonerte.

– Visst om det lenge

– Vi har lenge visst om at somme austeuropearar leiger hus og fyller dei opp med langt fleire enn det som står i leigekontrakten, held Solsvik fram.

Han fortel at dei ikkje har visst kor dei skal byrje å leite etter desse husa.

– No vil vi forsøke å spore opp andre hus. Vi har ikkje konkrete adresser å gå til, men vi har nokre fleire opplysningar vi kan ta utgangspunkt i.

– På grunn av denne saka?

– Mellom anna, ja, svarar Solsvik og seier det blir sett inn store ressursar i etterforskinga.

Mannen som er sikta har ikkje vorte avhøyrt enno. Solsvik fortel at det er mange personar involvert i saka, men at dei håpar å få avhøyrt sikta i løpet av onsdag.