Meldinga kom klokka 10.02, og det var familien til 35-åringen som melde inn at mannen hadde gått seg vill på fjellet i Årstad i Bergen kommune.
– Det er tåke i området, og me har kontakt med mannen på telefon. Han føler seg litt kald, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit i Hordaland politidistrikt til NRK klokka 10.30.
Fekk kontakt
Politiet sendte to patruljar til Sædalen, og luftambulansen kunne ikkje fly då det ikkje er godt nok vær.
Mannen hadde på seg mørke klede, og klokka 11.00 var det framleis ikkje vær til å fly.
– Me ser mannen i området, og me har ein patrulje som er på veg til å ta seg fram til mannen, seier Kolltveit klokka 11.00.
Nedkjølt
Mannen såg ikkje politiet, men etter ein times leiting meldte politiet at mannen var kome til rette. Det var hundepatrulje som fann mannen, og mannen var svært nedkjølt.
– Me hadde kontakt med mannen heile vegen. Han vifta med hendene, og vart funnen av ein hundepatrulje klokka 11.05, seier Kolltveit.
– Han vart pakka inn i ullteppe, for han var kald og forfrosen. Han gjekk ned saman med patruljen. Ambulanse vart sendt inn til Sædalen skole, og han vert tatt hand om av helsepersonell der, seier han.