Hopp til innhold

Sakna mann funne sovande i eit uthus

Ein bilførar i 20-åra er funnen i god behald etter at politiet sette i gong ein leiteaksjon etter at bilføraren hadde stukke av etter krasj i natt.

Leiteaksjon Voss

LEITA ETTER FØRAREN: Både politiet, Røde Kors og Norske Redningshundar hjelpte til i leitinga.

Foto: Arsalan Portazedi

– Ein person ringde inn til oss og hadde funne den sakna sovande i uthuset sitt, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen i Hordaland politidistrikt.

Voss

LEITEAKSJON: Eit redningshelikopter var med i leitinga. Innsatsleiar Rune Vedeler ser utover søkeområdet.

Foto: Arsalan Portazedi

Politiet fekk melding klokka 11.15.

– Han ser uskadd ut, men er tatt hand om av helse og blir sendt til sjukehuset på Voss for ein sjekk, seier Magnussen.

Politiet har få opplysningar om kva som har skjedd, men dei vil opprette ei undersøkingssak for å finne ut kva som har skjedd.

Forsvann etter krasj

– Eit vitne såg ein person som sprang vekk frå bilen og til skogs. Vi trur det kan vere bilføraren, og er redd for at han kan vere skadd, seier Magnussen.

Klokka 04.40 fekk politiet melding om ei trafikkulykke med eit einsleg køyretøy ved Takla på riksveg 13 aust for Voss, i retning mot Granvin.

Ulykka skal ha skjedd i ein sving rett sør for Bømoen.

– Det er 80-sone på staden og bilen har køyrd rett inn i autovernet. Bilen har fått store materielle skader, seier Magnussen.

Laster Twitter-innhold

Sette i gong redningsaksjon

Politiet har hadde hundepatrulje ute i natt, utan noko resultat i søket.

Ulykke

REDNINGSAKSJON: I nitida søndag morgon trappa politiet opp leitinga etter bilføraren.

Foto: Arsalan Portazedi

I nitida søndag morgon trappa politiet opp leitinga. Både Politiet, Røde Kors og Norske Redningshundar hjelpte til i leitinga.

– Vi får ikkje kontakt med eigaren av bilen, som vi antek er ein mann i 20 åra. På bakgrunn av dei store skadane på bilen, så er vi redd for at føraren kan liggje skadd i terrenget. Difor har vi no starta ein redningsaksjon, sa Magnussen til NRK søndag morgon.

Eit Seaking helikopter frå Florø var med i leitinga.

Takla