Hopp til innhold

Laksepesten spreier seg

Den alvorlege fiskesjukdomen pankreas sjukdom spreier seg over stadig nye område på Vestlandet.

Laks
Foto: colourbox.com / colourbox.com

- Det er svært alvorleg at ein ikkje klarer å få kontroll over denne

sjukdommen, seier forskar Anne Berit Olsen ved Veterinærinstituttet.

Den sokalla laksepesten har hatt ei ny oppblomstring i Hordaland og Ryfylke dei siste månadane.

Størst spreiing i Hordaland

Ferske tal syner at det frykta lakseviruset Pankreas sjukdom har spreidd seg med stor fart i sommar.

Hordaland har hatt størst spreiing med 28 anlegg berre første halvår i år. Berre Ryfylke held Hordaland med selskap på smittetoppen.

- Dei nye tala syner at me ikkje har kontroll, og at ein nok må forholde seg til pankreas på Vestlandet fleire år fram i tid, seier Olsen.

Anne Berit Olsen

Anne Berit Olsen, forskar ved Veterinærinstituttet.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Fryktar viruset spreier seg med lusa

2007 var eit kriseår med stor spreiing. I fjor såg det ut til at situasjonen var under kontroll.

Men i år har spreiinga auka på igjen og det er frykt for at viruset no spreier seg med lakselus.

Avdelingsdirektør Brit Hjeltnes ved Veterinærinstituttet vel å sjå optimistisk på situasjonen.

- Sommaren og seinsommaren er sesong for Pankreas, så at det kjem ein del tilfeller der må me rekne med, seier Hjeltnes.

Store tap for næringa

Laksenæringa taper store pengar på viruset, og håpet er no at ein klarer å dyrka fram meir resistente laksefamiliar.

- Saman med lakselus er dette den største utfordringa i norsk oppdrettsindustri, seier genetikkansvarleg Håvard Bakke i Salmobreed.