Hopp til innhold

No går beitesesongen mot slutten

Verken folk eller dyr på Voss er heilt klare for vinteren. Også mange andre plassar i landet har fått tidleg snøfall i år.

Kyr på beite i snøen

TIDLEG SNØFALL: Dette er ikkje snøen som fall i fjor! Biletet er frå Hanguren på Voss, og er tatt i føremiddag. I bakgrunnen ein av skiheisane til Voss Resort.

Foto: Steinar Dale

Steinar Dale gjorde ein liten jobb for skisenteret Voss Resort då han oppdaga kyr på beite i nysnøen i føremiddag.

– Ikkje klar for vinter

– Det har sikkert kome bortimot ti centimeter snø i løpet av natta. Eg har snakka med andre fleire lokalkjende, og ingen kan hugsa at snøen har kome så tidleg før, seier Dale til NRK.no.

Ifølgje Dale er det heilt vanleg at kyr og sauer beitar i dette området. Men det er mest vanleg at dyra har kome heim att i fjøset før vinteren kjem.

– Eg var ikkje heilt klar for vinteren enno, seier Dale.

  • Sjekk ditt lokale vervarsel på yr.no

– Ganske tidleg

Klimaforskar Ketil Isaksen ved Meteorologisk institutt seier det er ganske tidleg å få snø på Hanguren i dag.

– Ifølgje statistikken har det skjedd nokre gonger dei siste 40 åra at det i siste halvdel av september har kome snø i områda rundt Voss. Men dette må vera blant dei tidlegaste snøfilla i Voss i denne perioden, seier Isaksen.

Han opplyser at det er fleire område i landet som har fått tidleg snø denne hausten, blant anna Stølsheimen i Hordaland, Sogn og nord i Hedmark.

Det er typisk for årstida at snøen som kjem no smeltar vekk etter kort tid. Men det kan framleis koma meir snø i dagane framover.

– Det ser ut til at nedbøren kan koma som snø over 7–800 meter dei næraste dagane, seier Isaksen.