Hopp til innhold

Kvar er bergenserane?

Halve året er Bryggen ein travel stad, men når turistane forsvinn med sommarsesongen, vert det stille. Kvar blir det av bergensarane, og kvifor er dei ikkje på Bryggen?

Bryggen

BRYGGEN I JANUAR: Når turistsesongen er over, er det stille på Bryggen.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Når NRK spør folk busette i Bergen om kor ofte dei besøker Bryggen er svara i ni av ti tilfelle «sjeldan», «aldri» eller «lite». Dette er ikkje noko overrasking for butikkeigarane i området.

– Bergensarane veit ikkje heilt besøkelsestida si når det gjelder Bryggen, seier eigar av Juhls' Silver Gallery, Rauna Juhls Tveitnes.

– Det er klart me også har bergensarar her, men det er helst dei faste som har vore her før. Det blir dessverre veldig lite av den spontane handelen.

Kvart år passerer 2,5 millionar menneske Bryggen (tal frå Bryggens Venner). Men når turistsesongen er over, forsvinn dei fleste kundane frå butikkane.

LES OGSÅ: RASER MOT BYBANE-UTSETTELSE

Rauna Juhls Tveitnes

ØNSKJER FLEIRE LOKALE KUNDAR: Rauna Juhls Tveitnes framfor butikken Juhls' Silver Gallery på Bryggen

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Berre ei turistfelle?

Hjå Kvams innramming og flisespikkeri like ved Juhls', er stoda den same.

– Gjennom året er kundane hovudsakleg turistar og tilreisande. Litt nordmenn, men mest utlendingar. Og på vinteren...så er det stille. Då er det ikkje så mykje menneske her, fortel eigar Ketil Kvam.

Han trur mange lokale ser på området som ei stor turistfelle.

– Gjennom veggen kan eg høyre bergensfamiliar som har med slekt frå andre plassar i landet, og som skal syne fram Bryggen til dei. I det dei kjem gåande forbi utanfor her, så kan me høyre gjennom veggen at gjestene dei har på besøk er nysgjerrige på butikken og vil kike inn. Men så høyrer me bergensaren: "måkkje gå inn der, e berre turistfeller vet du". Og så forsvinn dei vidare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ketil Kvam

HAR MEIR ENN TURISTSUVENIR: Ketil Kvam i Kvams innramming og flisespikkeri på Bryggen

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Bryggen treng lys og skilt

– Det er heilt klart eit ønske om at langt fleire bergensarar skal bruke bryggen. Dette er jo Bergens stoltheit, seier Janicke Runshaug Foss, styreleiar i Bryggens venner.

Ho trur heller ikkje at folk veit kva som finst av tilbod inne på Bryggen.

– Det kan av og til verke som ein hemmelegheit. Og det er difor me treng betre skilting. Der kan kommunen og fylket komme inn, for her ligg det alt klare planar som ein har bedt om midlar til.

Janiche Runshaug Foss

REISER DEBATT OM UTVIKLINGA TIL BRYGGEN: Styreleiar i Bryggens Venner, Janicke Runshaug Foss.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

LES OGSÅ: PUNGER UT FOR Å VINNE BYBANEKAMPEN

Usemje om kva som er best for Bryggen

Filip Rygg, byråd for byutvikling, klima og miljø i Bergen kommune

HAR TRU PÅ BYBANE: Byråd Filip Rygg (KrF) meiner ei Bybane over Bryggen kan vere med å skape meir aktivitet i området.

Det er ikkje semje i Bystyret om kva som vil vere best for Bryggen. Byråd Filip Rygg (KrF) meiner ei bilfri brygge med bybane vil gjere området meir attraktivt for bergensarar.

– Tanken er at ein ikkje berre skal sikre tilgjengelegheit til Bryggen med ei bybane, men at ein òg skal også ruste opp området. Det vil seie nytt gatedekke, ein kan gjere noko med lyset og skiltinga, få inn byromsmøblar der ein kan sitje og so vidare.

Runshaug Foss trur ikkje ei bybane vil gje meir aktivitet på Bryggen.

– Eg ønskjer ikkje ei bybane. Me har brukt tid på å komme fram til ein konklusjon, for me ønskjer jo så inderleg at det skal skje noko her. Men no er eg klinkande klar på at ei bybane ikkje bør vere det som vert gjort for å skape aktivitet på Bryggen.

Aller helst ønskjer ho seg ei bilfri brygge. Ho likar ikkje synet som møter ho då ho ser ut mot vegen og bilane som køyrer forbi.

–Eg tykkjer det er trist å sjå. Det er ikkje det ei verdsarv er verdig.

LES OGSÅ: BYBANEN UNDER JORDEN

– Alle kan ikkje gå over alt

Marita Lokøy Vestvik

PÅ BAKER BRUN: Marita Lokøy Vestvik tykkjer ikkje det er så rart at bergensarar ikkje oppsøker Bryggen meir enn dei gjer.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

På Baker Brun på Bryggen har dei har snakka mykje om korleis ein skal gjere bryggen meir attraktiv for bergensarar, fortel tilsett Marita Lokøy Vestvik.

– Det er eit landemerke og ein sterk del av byens identitet. Men eg trur at for bergensarar er Bryggen noko som berre er her.

– Men slik er det i ein by. Alle kan ikkje gå over alt. Bryggen er meir attraktiv for turistar, men slik er det jo overalt der ein reiser. For eksempel var eg nettopp i London. Kor mange britar var det framfor Buckingham Palace? Det er jo berre turistar som går der. For dei som bur der er det der jo heile tida, seier Vestvik.

Vil gjere Bryggen til ein arena for nærings- og kulturliv

Med diskusjonen om ein skal ha bybane over Bryggen eller ikkje, er Bryggen alt på dagsordenen. Bryggens venner vil no nytte høve til å invitere butikkeigarar, politikarar, og nærings- og kulturliv til å diskutere korleis Bryggen bør utvikle seg vidare.

– Kva moglegheiter har me til å utvikle Bryggen til å bli både ein næringsarena og ein kulturarena? For moglegheitene er der, det er berre spørsmål om vilje og kva politikarane ønskjer å gjere med Bryggen, seier Runshaug Foss.