Miljøagentane, som er barneorganisasjonen til Naturvernforbundet, viste fram litt av det dei jobbar med då kong Harald besøkte Bergen i dag.
Så trekte dei fram ein brun konvolutt med namna til Ingrid Alexandra og Sverre Magnus på.
Økologisk måltid
– Vi har eit hemmeleg oppdrag som går ut på å finna økologisk mat i butikken og laga ein god rett av det, sa Annika Haugland (13) frå Miljøagentane på Askøy.
Kongen tok smilande i mot konvolutten, og lova å gje han vidare til dei to barnebarna sine.
Denne helga feirar Naturvernforbundet hundreårsdagen sin både i Bergen og Tromsø. Kong Harald deltar i feiringa fordi han er Naturvernforbundet sin høge beskyttar.
Han har blant anna fått ei innføring i
Kongen fekk også sjå ein solfangar som kan varma opp hus, sjølv om regnbyen Bergen levde opp til sitt rykte og det ikkje var ein einaste solstråle å sjå i dag.
– Spela på lag med naturen
Forbundet samlar aktive, tidlegare leiarar, støttespelarar, andre liknande organisasjonar og politikarar til feiringa denne helga.
– Vi vil inspirera til at Noreg i framtida vil spela på lag med naturen ved å bruka naturen sjølv som modell for samfunnsutviklinga, seier dagleg leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Nils Tore Skogland, på organisasjonen si eiga nettside.