Hopp til innhold

Kan bli kasta ut av 3. divisjon

Radøy/Manger FK risikerer å bli strokne frå 3. divisjon. Klubben makta ikkje å stille lag til helgas oppgjer mot Årdal.

Keeper på Radøy/Manger

MOTVIND: Radøy/Manger-målvakta har måtte sjå mange ballar gå i nettmaskene denne sesongen. No kjempar klubben for få fullføre årets 3. divisjon.

Foto: Truls Kleiven

Florø vann til slutt 9-0 over Radøy/Manger i kystbyen

STORTAP: I Florø måtte nordhordlendingane frå Radøy reise heim med 0-9-tap i bagasjen. Men dei stilte fullt lag.

Foto: Truls Kleiven

Sogningane hadde planlagt pomp og prakt og opning av nye Jotun stadion laurdag. Men motstandaren frå Hordaland kom ikkje. Dermed vart festen avlyst, og Radøy/Manger sitt tilvære i 3. divisjon er usikker.

Skader, sjukdom, jobb og bryllaup

– Eg jobba heile fredagen med å stille lag. Men det gjekk ikkje, seier ein skuffa Radøy/Manger-trenar, Magnar Fjeld til NRK.no.

Han fortel at klubben hadde meir enn nok spelarar på treninga tysdag, men då det drog mot helg vart situasjonen vanskeleg.

– Vi slit med skader og sjukdom. I tillegg var det eit par som skulle i bryllaup. Vi har folk spelarar som jobbar offshore, og mange av ungdommane har helgejobbar. Då blir det vanskeleg å reise så langt.

Krinsen: – Kan strykast frå serien

Men regelverket tillet ikkje klubbar i dei fire øvste divisjonane å avlyse fotballkampar.

– Lag som uteblir frå kamp skal i utgangspunktet strykast frå serien, opplyser Tore-Christian Gjelsvik, leiar i Hordaland Fotballkrets.

Han understrekar likevel at regelverket opnar for tilgiving, dersom det kjem fram at fråværet skuldast særskilde omstende.

– Krinsstyret skal ha møte måndag klokka 16. Då blir dette ei sak, seier krinsleiaren som søndag ikkje vil spå utfallet for Radøy/Manger si framtid i divisjonen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ein heilt umarkert Sindre Erstad gir Radøy/Manger leiinga 1-0 etter 23 minutt

IKKJE BERRE NEDTURAR: Her gir Sindre Erstad Radøy/Manger leiinga 1–0 bortekampen mot Eid. Måndag ettermiddag blir det klart om laget får spele fleire kampar i årets 3. divisjon.

Foto: Stig Høynes

Årdal FK: – Skandale

I Sogn er det derimot klar tale frå Årdal-trenar Frank Øyre.

– Rett og slett skandale. Radøy/Manger har ingenting i 3. divisjon å gjere. Dei viser ein seriøsitet som høyrer heime på lågaste nivå i seriesystemet, seier trenaren til Sogn Avis.

Klubbleiar Geir Kjetil Øvstetun sa laurdag til NRK.no at han aldri har opplevd maken.

– Eg kan ikkje hugse at dette har skjedd før med eit lag i 3. divisjon. Det er mange ulike årsaker til at ein kamp kan bli utsett, men ikkje fordi eit lag ikkje klarer å stille med nok mannskap.

10 vart til sju

Han vart både irritert og forbanna då han fredag ettermiddag fekk beskjeden om at Manger/Radøy hadde problem med å stille lag til laurdagens kamp.

Geir Kjetil Øvstetun

RASAR: Geir Kjetil Øvstetun, leiar i Årdal FK.

Foto: Årdal FK

– Eg fekk ein telefon om at dei berre hadde ti mann å stille med og at dei difor meinte det ville bli vanskeleg å komme. Eg fortalde dei rett ut at dei hadde å stille med dei ti mennene og at vi hadde lagt ned ein stor innsats for denne dagen, seier Øvstetun.

Seinare på kvelden fredag kom det ein ny telefon. Då var troppen til Manger/Radøy redusert frå ti til sju, og det vart heilt umogleg for dei å kome til Årdal. Dermed blei det verken kamp eller opning av nye Jotun stadion i Øvre Årdal.

Visste ikkje om opningsseremoni

Men at årdølane hadde hatt heile dugnadsapparatet sitt i sving for å lage til opningsfest, kom ikkje Radøy/Manger for øyre før torsdag.

– At dei skulle ha baneopning visste vi ingenting om før torsdag kveld. Kunne dei ikkje gitt beskjed om det, då?, seier oppmann Steinar Christensen.

Han fortel til avisa Nordhordland at dei tidlegare i veka freista å få flytta kampdag til midtvekedag, men det ville ikkje årdølane.

Også trenar Magnar Fjeld tykkjer det er rart at ikkje Årdal FK opplyste om at kampen var planlagt som ramme for ein opningsseremoni.

– Det er jo litt spesielt at dei ikkje informerte oss om dette, seier han til NRK.no.

Håpar å få fullføre sesongen

Trenaren tok over ansvaret for 3. divisjonslaget så seint som i sommar, etter at laget hadde ein elendig vårsesong i serien som består av lag frå Hordaland og Sogn og Fjordane.

No ligg laget hans heilt sist, på 14. plass med berre sju poeng etter 17 spelte kampar. Radøy/Manger vil likevel kjempe for å få behalde plassen i divisjonen.

– Vi rykkjer nok ned, slik det ser ut no. Men målet er å fullføre sesongen. Vi satsar på at vi får halde på plassen, seier Magnar Fjeld før krinsmøtet i Hordaland skal ta stilling til saka.