Hopp til innhold

2500 studentar står på venteliste for bustad

Dei siste åra har det kome fleire hundre nye hyblar i Bergen. Likevel har det aldri vore større kamp for studentane å få seg bustad i Bergen.

SIB

Over 2500 studentar står på venteliste for å få seg ein plass å bu. Det har aldri vore større press på bustadmarknaden for studentar.

Foto: Oddgeir Øystese

Det har vore mellom 100 og 150 interesserte på dei visningane eg har vore på, så det er berre flaks om ein får noko

Torbjørg Afdal, student

Ventelistene for hyblar er rekordlange. Over 4000 står i kø i Oslo og 2500 studentar ventar på å få seg ein plass å bu i Bergen.

Trass at det er bygga fleire hundre nye hyblar dei siste åra har Studentsamskipnaden aldri hatt fleire på venteliste. Samskipnaden seier dei ikkje klarer å byggje mange nok nye bustader for å dekkje ein stadig aukande etterspurnad.

For mange studentar blir dei neste vekene ein hard kamp for å få ein stad å bu. Torbjørg Afdal er student og veit korleis det er å vere på bustadjakt i Bergen.

– Det var veldig vanskeleg. Eg har vore på 15 visningar, seier Afdal.

Afdal har klart å få seg ein stad å bu, noko ho sjølv kallar flaks.

Grønneviksøren studentboliger

Her er bygginga av dei 727 studentbustadene på Grønneviksøren halvferdige. Det er det største bustadmodulprosjektet i Nord-Europa.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden/NRK

– På dei visningane eg har vore på så har dei sagt at dei har hatt 100 til 150 interesserte. Så det er berre flaks om ein får noko, forklarer Afdal.

Større press trass i fleire hundre nye hyblar

Ved studiestart i fjor haust kunne Studentsamskipnaden i Bergen tilby studentane fleire hundre nye studentbustader då dei opna dørene på Grønneviksøren.

Dette er det største bustadmodulprosjektet i Nord-Europa med 727 studentbustader.

Men det kjem stadig fleire studentar til Bergen, og etterspurnaden i år er difor større enn nokon gong.

– Vi har forskjellige prosjekt som vi jobbar med. Bustadtomter nær sentrum er
vanskeleg å få tak i, forklarer Kristin Torsteinson i Studentsamskipnaden i Bergen.

I mars vart det klart at Bergen kommune vil gje vekk ei gratis tomt til Studentsamskipnaden. Tomta ligg på Nygårdshøgden, midt i Bergen sentrum, og planen er å byggje studentbustader som skal huse mellom 70 og 80 av bergensstudentane i framtida.

Fleire på ventelista

student

Torbjørg Afdal var på heile 15 visningar før ho fekk seg bustad i Bergen. Det har vore opptil 150 interesserte på kvar leiligheit ho har sett på.

Foto: Oddgeir Øystese

– Det er ca. 500 fleire som står på ventelista i år som i fjor, seier Torsteinson.

På Studentsamskipnaden sine kontor på Nygårdshøyden ser Torsteinson at det kjem fleire studentar til Bergen i år, og at kampen for å få bustader vert stadig hardare.

– Ja, det ser vi ut ifrå tala vi har. Per dags dato i juli 2014 har vi 2570 som står på ventelista hos oss, i fjor på same tid hadde vi rundt 2000, seier Torsteinson.

- Det gjeld å ikkje få panikk og prøve forskjellige stader. Så løyser det seg for dei fleste, seier Torsteinson.

sib

Kristin Torsteinson i Studentsamskipnaden i Bergen seier at det kjem fleire studentar til Bergen i år, og at kampen om bustadene vert hardare.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK