Hopp til innhold

Familien håpar saka blir avgjort i dag

I dag fell dommen mot 24-åringen som er tiltalt for å ha valdtatt og drept Anja Weløy Aarseth. – Familien har eit sterkt ynskje om å sleppe fleire rettsrundar, seier bistandsadvokat for familien, Einar Råen.

Ålesund 20140211. Bistandsadvokat Einar Råen under Aksla-saken.

VENTAR ANKE: Bistandsadvokat for familien til Anja Weløy Aarseth, Einar Råen, ventar at dommen som fell i Aksla-saka i dag vert anka.

Foto: Larsen, HÃ¥kon Mosvold / NTB scanpix

Måndag 27. januar 2014 la Riksadvokaten fram den offisielle tiltalen mot 24-åringen. Denne inkluderar valdtekt, forsettleg drap, ransforsøk av ein kiosk, samt trugslar mot offentleg tenestemann.

Sidan den gongen har den sikta 24-åringen vore i isolasjon og varetekt i påvente av rettssaka.

Ventar at dommen blir anka

anja

FRÅ BØNES: Anja Weløy Aarseth hadde flytta til Ålesund for å studera. Laurdag vart ho funne drepen på byfjellet Aksla.

Foto: Privat

Den tiltalte 24-åringen har erkjent å ha valdtatt og drept Weløy Aarseth.

Aktor krevjer at tiltalte blir dømt til forvaring i 21 år, lovas strengaste straff.

Men forsvarsadvokaten seier 24-åringen treng hjelp for rus og psykiatri, ikkje ein langvarig fengselsstraff.

Det er difor venta at dommen blir anka til lagmannsretten.

– Det kan godt vera. Det kan og enda med at det vert ei avgrensa anke knytt til reaksjonsforsettelsen. Det vil i så fall vere ei mindre omfattande sak, seier Råen.

– Eit oppgjer mellom samfunnet og den tiltalte

Råen legg til at foreldra til Anja Weløy Aarseth reknar med å få innfridd deira økonomiske krav til erstatning i retten i dag.

– Når det gjeld det erstatningskravet dei har framsett, blei det ærkjent under saka. Mine klientar reknar difor med at dei får dei pengane dei har kravd.

– Når det gjeld straffesaka ser mine klientar på det som eit oppgjer mellom samfunnet og den tiltalte. Dei har valt å ikkje ha noko særskilde forventningar eller kommentarar til det.

Håpar å sleppe nye rundar i retten

For familien er det viktig at saka blir avgjort no, utan nye rettsrundar, seier familiens bistandsadvokat.

– Kor viktig er det at dette blir avgjort og ikkje blir anka vidare til lagmannsretten?

– Det er veldig viktig for mine klientar. Dei har eit sterkt ynskje og håp om at saka vert avslutta med denne tingrettsbehandlinga.

I dag klokka 17:00 les tingrettsdommar Kjetil Gjøen opp dommen. NRK følgjer domsavsigelsen.