Hopp til innhold

UDI-direktøren: – Svært alvorleg

UDI-direktør Frode Forfang meiner det er svært alvorleg at brannen ved det planlagde asylmottaket i Lindås er påsett. No vert Kripos kopla inn i saka.

Frode Forfang og asylbrannen i Lindås

PÅSETT: Krimteknikarar frå politiet har slått fast at brannen i det kommande asylmottaket her på Vågseidet i Lindås var påsett. – Svært alvorleg, seier UDI-direktør Frode Forfang.

Foto: Oddbjørn Rosnes / NRK / Scanpix

Det var natt til søndag at det kommande asylmottaket på Vågseidet i Lindås brann ned til grunnen. Hotellet ville i januar bli gjort om til eit mottak for 40 mindreårige asylsøkjarar.

I går kveld bekrefta lensmann Kjell Idar Vangberg at brannen var påsett og at dei no jaktar etter ein eller fleire brannstiftarar.

– Det er veldig trist og ganske ufatteleg at nokon har gått så langt som å tenna på bygningane. Me får inderleg håpa at dei raskt finn ut kven dette er, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til NRK.

UDI-direktør Frode Forfang kallar hendinga svært alvorleg.

Laster Twitter-innhold

Ber om tips

Byrknes seier reaksjonane har vore mange i lokalsamfunnet sidan brannen natt til søndag. Seinast fredag vart det kjent at UDI hadde godteke Lune Huler-hotellet som asylmottak for mindreårige asylsøkjarar.

– Å ikkje vite kven som står bak brannen går inn på oss i lokalsamfunnet. Det blir ein redsel og ei frykt for at det er eldspåsetjarar som går rundt, seier ordføraren.

Krimteknikarar frå politiet har slått fast at det vart sett fyr på to ulike stader i bygningane som høyrer til det kommande asylmottaket. Kjøkendelen brann ned til grunnen, medan brannen i bustaddelen sløkte av seg sjølv.

Etterforskningsleiar Glen Ulrik Våge seier dei no går ut og ber om tips i saka.

– No tar vi ein del avhøyr av vitne som har vore i området den natta. Samtidig hentar vi inn ulike opplysningar, og ønsker framleis å komme i kontakt med folk som har vore i området.

Politiet har sett i gong ei større etterforsking og tek i mot tips frå publikum på telefon 02800.

Astrid Aarhus Byrknes

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) var på brannstaden både natt til søndag og søndag føremiddag. Ho håpar politiet raskt finn ut av kven som står bak brannen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Kripos kopla inn

Det er Norsk Mottaksdrift som skal drifta mottaket i Lindås. Dei håpar å kunne opna i januar som planlagd, trass dei store skadane etter brannen.

Selskapet starta søndag med vakthald av dei asylmottaka som ikkje er opna enno, ifølge Bergens Tidende. Avisa skriv også at Kripos no blir bedne om å gå inn i saka.

Etterforskningsleiar Glen Ulrik Våge seier til NRK at dei enno ikkje har kontakta Kripos, men at det skjer i løpet av kort tid.

Også på Radøy gav UDI fredag godkjenning for opning av asylmottak. Norsk Mottaksdrift har fått kontrakt på 40 plassar ved Hordabøheimen i Bøvågen.

I går kveld bekrefta Radøy kommune på sine nettsider at dei no har sett inn brannvakter ved det kommande mottaket.

– I tillegg til brannvakt vil det også bli forsterka politipatruljering i området ved Hordabøheimen ei tid framover, skriv kommunen.

Før helgen ble det kjent at hotellbygningen skulle bli asylmottak. I natt brant en av fløyene på bygget til grunnen.

VIDEO: Brannvesenet vart møtt av eit flammehav natt til søndag.