Hopp til innhold

Han er årets trenarforbilde

Daniel Andreassen vart i går kåra til årets trenarforbilde. – Han er eit fantastisk godt forbilde, seier jurymedlem Kari Randen.

Daniel Andreassen

ÅRETS TRENARFORBILDE: Daniel Andreassen vart svært overraska då han vart kåra til årets trenarforbilde i går ettermiddag.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Eg vart tatt litt på senga. Dette var veldig overraskande!

Det sa Daniel Andreassen då han tok imot premien for årets trenarforbilde under ei trening med 40 unge spelarar frå Vadmyra fotball.

– Det er alle de spelarane som gjer at eg vinn denne premien. Tusen takk til alle, sa trenaren til heile laget, som sto rundt han.

Daniel Andreassen

FØLGER MED: Andreassen følger med frå sidelinja.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Fantastisk godt forbilde

Prisen blir utgitt kvart år og er ein publikumspris. Det betyr at alle kan stemme på den kandidaten dei meiner fortener tittelen. Ein fagjury vel ut kven kandidatane blir.

Det er kampanjeorganisasjonen AV-OG-TIL som delar ut prisen, i samarbeid med kjende personar frå idrettsmiljøet i Noreg. I juryen sit mellom anna fotballtrenar Ståle Solbakken og skiskyttar Tora Berger.

– Daniel er ein utruleg flink trenar. Han er eit fantastisk godt forbilde som veit at utøvarane ser opp til han, seier jurymedlem og leiar av AV-OG-TIL, Kari Randen, og held fram:

– Han er også klar over at han skal gjere noko meir enn å berre trene dei som er her. Han skal gi dei sosiale ferdigheiter og skape eit godt miljø. I tillegg er han klar og tydeleg på at idrett og alkohol ikkje høyrer saman.

(Artikkelen held fram under biletet)

Daniel Andreassen

POPULÆR TRENAR: Spelarane gratulerer Daniel Andreassen med prisen.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Resultat ikkje viktig

Andreassen er ikkje berre oppteken av resultat. Han tykkjer det er viktigare med innsats og trivsel.

– Eg veit ikkje ein gong kvar vi ligg på tabellen. Det viktigaste er at kvar og ein skal gjere sitt beste, og ha det kjekt på trening. Resultata er ikkje så viktige, seier han.

Under treninga står han engasjert på sidelinja og gir instruksjonar til spelarane. Eitt av orda han gjentek mange gonger, er «vaddapower».

– Vaddapower for meg er den innsatsen de legg ned på kvar trening, utdjupar han.

Tommy Karlsen

NØGD MED TRENAREN: Tommy Karlsen.

Foto: Mette Anthun / NRK

Skryt av kvarandre

Dei unge spelarane er glad for at prisen gjekk til Andreassen.

– Han er veldig flink. Eg liker å ha han som trenar. Han er streng og tullar ikkje så mykje på trening, seier kaptein Tommy Karlsen (13).

Trenaren skryt også av spelarane sine.

– Det er heilt fantastisk å trene denne gjengen. Dei er knallflinke, seier han.

Dei to kandidatane som ikkje nådde heilt opp i kåringa av årets trenarforbilde, er Nancy Gogstad frå Danseklubben Studio 1 og volleyballtrenaren Merita Mol frå Sand IL.