Hopp til innhold

Måtte ta grep etter grisete og farleg toalettvane

Dei som jobbar i heimen til Edvard Grieg har hatt nok søl og fallulukker. – Skiltet har hatt god effekt, seier han som vaskar etter turistane.

Ikkje gjer slik

IKKJE SLIK: Vaksenopplæring måtte til for å hindra knall og fall og andre toalettuhell ved Troldhaugen i Bergen.

Foto: Marita Skeie / NRK

Turistar som stod på doringen skapte hovudbry for reinhaldarane ved turistattraksjonen Troldhaugen. Dei tilsette såg ingen annan utveg enn å trø til med litt vaksenopplæring.

– Dette er ikkje lov å gjera på Troldhaugen. Her skal ein sitta på doen, eller eventuelt stå rett framfor doen, seier John Steinar Hovland som er marknadssjef på Troldhaugen i Bergen.

Dette burde det då ikkje vera naudsynt å informera om, tenkjer du kanskje. Men det er det faktisk. For dei tilsette i komponistheimen i Bergen hadde sett seg lei av søl og fallulukker, grunna den uortodokse toalettvanen til tilreisande turistar.

Fallulukker

Måtte ta grep etter toalettuhell

HAR FUNGERT: Einar Steffensen, som har hatt jobben med å vaska toaletta, meiner den nye skiltinga har fungert.

Foto: Marita Skeie / NRK

– Me høyrde stadig vekk stygge brak inne ifrå toalettet etter at turistar har ramla ned frå toalettet, fordi dei har prøvd å stå på doringen, seier Hovland.

Tidlegare i sommar uttrykte dei som jobbar ved turistinformasjonen i Bergen frustrasjon grunna mangel på offentlege toalett i Bergen sentrum. Ved Troldhaugen er det derimot måten turistane har brukt toaletta på, som har vore problemet.

– Det er nok særleg turistar frå Asia som har hatt ein tendens til å bruka denne teknikken. Eg trur det handlar om hygiene og vanar, at dei ikkje har hatt tru på at det er trygt å sitta på ei offentleg toalettskål, heldt marknadssjefen fram.

Ei naturleg årsak til forvirringa må nok òg tilskrivast at toaletta ein brukar i Noreg slettes ikkje er universelle.

LES ÒG: Slik skal turistane lokkast til Noreg

– Det har hjelpt

Om det er turistane som har vorte meir vande med vestlege toalettskikkar, eller om det er skiltet som har fungert, er usikkert. Einar Steffensen som har hatt jobben med reinhaldet er i alle fall glad for at vaskejobben har vorte enklare.

– Det verkar som om det har hatt god effekt, det ser ut som om dei har slutta å stå på toalettet, seier Steffensen.

Marknadssjef ved Troldhaugen John Steinar Hovland

MÅTTE TA GREP: Marknadssjef ved Troldhaugen John Steinar Hovland.

Foto: Marita Skeie / NRK