Hopp til innhold

Garnes har plass til 60 elevar. Dei får berre lov til å ta imot halvparten.

– Det er ikkje fritt skuleval for alle, meiner rektor.

Aud Åsne Kvamme

VIL HA FLEIRE: Garnes-rektor Aud Åsne Kvamme får berre ønske 30 nye elevar velkomne på studiespesialisering til hausten.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fylkestinget vedtok i fjor at det berre skal vere ei klasse med studiespesialisering ved Garnes vidaregående skule. I dag har dei to.

Men det er 70 elevar som har Garnes som sitt førsteval, og Garnes kunne lett ha fylt to klassar óg neste år. No må dei fleste som vil til Garnes, søke seg til sentrum.

– Viss ikkje elevane får ønsket sitt oppfylt, vil det vere dei einaste elevane i Hordaland som ikkje får fritt skuleval, seier rektor Aud Åsne Kvamme til NRK.

For mange plassar

No ber ho om at fylkeskommunen endrar vedtaket sitt.

– Når vi fyller krava, bør elevane få kome til oss, meiner Kvamme.

Viss ikkje elevane får ønsket sitt oppfylt, vil det vere dei einaste elevane i Hordaland som ikkje får fritt skuleval.

Aud Åsne Kvamme, rektor ved Garnes vgs

Overkapasitet ved skulane i Bergen sentrum er årsaka til at fylkespolitikarane ikkje vil ha meir enn ein klasse ved Garnes. Av same grunn vedtok dei mellom anna å legge ned Fana gymnas. Overkapasiteten i Bergen er på rundt 1000 plassar.

– Viss vi aukar elevtalet på Garnes, tappar vi hjå andre. Då flyttar vi berre på problemet, seier Emil Gadolin (Ap), utvalsleiar for opplæring og helse.

Fryktar svekka miljø

SV la fram forslag om likevel å tillate to klassar ved Garnes, men fekk berre støtte frå Raudt.

Kvamme set sin lit på at fylkesutvalet vil endre meining i deira møte 19. mai.

- Ein klasse er altfor lite. Eg ser det er nødvendig å sentralisere, men eg håpar ikkje distrikta blir utan vidaregående skular. Færre klassar vil kunne svekke det faglege miljøet, fryktar Garnes-rektoren.