Hopp til innhold

- Vi vil ikkje ha radioaktivt avfall i fjorden vår

Selskapet Norsk Gjenvinning vil sleppe radioaktivt vatn i Fensfjorden ved Mongstad. Ordførar Astrid Aarhus Byrknes meiner oljekommunen er forureina nok som det er.

Astrid Aarhus Byrknes

NEI TIL UTSLEPP: Ordførar i Lindås Astrid Aarhud Byrknes meiner Norsk Gjenvinning ikkje skal få lov å sleppe radioaktivt avfall i Fensfjorden.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

– Radioaktivt avfall høyrest ikkje bra ut. Det vil vi ikkje ha noko av, seier ordføraren i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes.

Mongstad er ein av Europas største oljehavner. Oljeindustrien er svært viktig for næringslivet i Norge, men eventyret har ei bakside. Det fører med seg farleg avfall.

– Vi har nok utslepp

No ønskjer selskapet Norsk Gjenvinning å sleppe ut radioaktivt avfall i Fensfjorden like ved industristaden Mongstad.

Søknaden kom til ordføraren rett før jul.

– Då eg såg orda "radioaktivt avfall" kjende eg det skreik i ryggmargen. Dette dreier seg om vår fjord og slikt avfall er farleg. Om det skulle kome ut av kontroll vil det vere eit mareritt, seier ordføraren.

Med Vest Tank-ulukka og Feidje-ubåten friskt i minne er motstanden mot utsleppsplanane store.

– På grunn av industrien er dette området metta av utslepp frå før. På den andre sida av fjorden ligg Sløvåg, som også har fått sin del av utslepp, seier Byrknes.

Fensfjorden

AVFALL I FJORDEN: Norsk Gjennvinning vil sleppe radioaktivt spylevatn i Fensfjorden. Ordføraren er skeptisk.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Fryktar for livet i fjorden

Heller ikkje naturvernarane er overbeviste om at det å sleppe radioaktivt spylevatn ut i fjorden er ein god idé.

Jan Nordø i Naturvernforbundet i Nord-Hordaland fryktar konsekvensar for livet i sjøen.

– Vi har i mange år snakka om Sellafield og det radioaktive avfallet som kjem hit med havstraumane. Vi er urolege for kva dette radioaktive utfallet kan bety for fjorden, seier Nordø.

– Vi vil ha god kontroll

Runa Opdal Kerr

GOD KONTROLL: Direktør i Norsk Gjenvinning, Runa Opdal Kerr, meiner det ikkje er grunn til bekymring.

Foto: cf-wesenberg / cf-wesenberg

Det radioaktive avfallet vil Norsk Gjenvinning lagre på Mongstad. I tillegg vil dei sleppe ut radioaktivt spylevatn i Fensfjorden.

– Vi har søkt om å ta imot og mellomlagre opp til 50 tonn radioaktivt avfall per år, fortel direktøren i Norsk Gjenvinning Runa Opdal Kerr.

Selskapet meiner dei vil ha god kontroll på utsleppa.

– Vi med våre reinsemetodar skal sørgje for at vatnet som sleppast ut i Fensfjorden inneheld ein radioaktivitet som er minst mogeleg, og som sjølvsagt ligg under den grensa som myndigheitene set i denne samanheng, fortel Kerr.

Statens strålevern og Klima- og forureiningsdirektoratet skal avgjere om selskapet får sleppe avfallet i fjorden.