Hopp til innhold

– Ikea-nekt hemmar konkurransen

Røyrleggjarar som nektar å montere utstyr dei ikkje sel sjølv, er eit kjent problem for Konkurransetilsynet.

Ikea-nekt hemmar konkurransen

HEMMAR KONKURRANSEN: Øyvind Nilssen i Konkurransetilsynet seier røyrleggjarar som nektar å montere utstyr dei ikkje leverer sjølv, hemmar konkurransen.

Foto: NRK/Konkurransetilsynet

Øyvind Nilssen, Konkurransetilsynet

KJENT PROBLEM: Øyvind Nilssen i Konkurransetilsynet seier at røyrleggjarar som nektar å montere materiell dei ikkje sel sjølv, hemmar konkurransen.

Foto: Marit Hommedal / Konkurransetilsynet

– Konkurransetilsynet har fått fleire førespurnader både om at røyrmateriell er overprisa samanlikna med det du kan kjøpe i ein butikk, og at røyrleggjarar ynskjer å selje sine eigne produkt, seier Øyvind Nilssen.

Han er nestleiar på avdeling for bygg, industri og energi i Konkurransetilsynet, og seier at røyrleggjarar som til dømes nektar å montere Ikea-utstyr hemmar konkurransen.

– Aktørar som ikkje er ein del av røyrleggjarmarknaden, og kanskje berre sel materiell er ofte prispressarar på utstyret. For å unngå konkurranse frå slike aktørar, så vel røyrleggjarane å krevje å selje sine eigne produkt, seier Øyvind Nilssen.

Mange reaksjonar

Etter at NRK kom med saka om at mange kundar leverer tilbake utstyr til Ikea fordi røyrleggjaren nektar å montere det, så har det kome over 350 kommentarar under artikkelen.

– Eg er einig i at dersom utstyr er godkjent skal dei vel montere dette, og at dei faktisk ikkje har lov til noko anna. Det har nok med pengar å gjere dessverre, kommenterer ein.

Når forbrukaren ynskjer eit anna materiell enn det røyrleggjaren tilbyr, så meiner me at forbrukaren må få lov å velje det materiellet.

Øyvind Nilssen i Konkurransetilsynet

Det har kome fleire kommentarar som går på at røyrleggjar ynskjer å selje eigne produkt, og difor seier at kvaliteten på deira produkt er betre.

– I mange marknader har du konkurranse på kvalitet, og det å seie at kvaliteten på eige materiell er betre enn hjå nokon andre er ein sunn og god konkurranse i mange tilfelle, seier Nilssen i Konkurransetilsynet.

– Problemstillinga i dette tilfellet er at når forbrukaren ynskjer eit anna materiell enn det røyrleggjaren tilbyr, så meiner me at forbrukaren må få lov å velje det materiellet, seier Nilssen.

Vanskeleg å samanlikne

Øyvind Nilssen i Konkurransetilsynet påpeikar at røyrleggjarane har lov til å velje kva utstyr dei vil selje, og at dei har lov til å velje kva utstyr dei vil montere.

Han seier byggjekostnadsindeksen til SSB som viser kor mykje det kostar å byggje ulike typar bygningar, viser at røyrleggjar- og elektrikartenester er det som stig mest sidan 2000-talet, og det er òg desse som har størt auke på materiellkostnad.

Nilssen finn dette interessant fordi kopla sal i desse tenestene er svært utbreitt. Kopla sal seier Nilssen gjer at det blir mykje vanskelegare å samanlikne tilboda frå konkurrerande røyrleggjar.

– Viss tilboda inneheld både timepris og materiell, så kan det ofte vere vanskeleg å samanlikne prisar på materiell. Det som kan bli konsekvensen av det er at kunden kanskje vel det tilbodet som dei trudde var best, men som ikkje nødvendigvis er best, fordi kvaliteten er ulik, seier Nilssen.

Står ansvarleg

Tor Backe i Norske Rørleggerbedrifters Landsforening - VVS

STÅR ANSVARLEG: Tor Backe i Norske Rørleggerbedrifters Landsforening seier at røyrleggjarar kan bli stilt ansvarleg i ei forsikringssak.

Foto: Norske Rørleggerbedrifters Landsforening - VVS

Tor Backe som er administrerande direktør i Norske Rørleggerbedrifters Landsforening, legg vekt på at det i lovgivinga står at røyrleggjarar ikkje har lov til å montere produkt som ikkje er dokumentert godkjent i Noreg.

– Det er to ting røyrleggjaren har plikt til å passe på. Det eine er materiellet toler vasstrykket i Noreg, og det andre er at det ikkje gir frå seg giftige stoff. Viss dette er i orden, er det heilt greitt at kunden leverer varene, seier Backe.

Dersom det skulle oppstå vass-skadar grunna eit produkt, så kan røyrleggjaren klandrast.

– Forsikringsselskapet kan krevje at røyrleggjar gjer opp for skadar som kan koste rundt 100.000 kroner, seier Tor Backe.

– Ikea burde vera greitt

IKEA

SINTEF-GODKJENT: Ikea har godkjenning frå SINTEF på sine produkt, men mange kundar leverer tilbake utstyr fordi røyrleggjarar nektar å montere utstyr.

Foto: PETER MUHLY / AFP

Øyvind Nilssen i Konkurransetilsynet meiner at forbrukaren bør få kjøpe sitt eige materiell og få dette montert, noko han får medhald i hjå Tor Backe.

– For omtrent eit år sidan forhandla me fram ei ny forbrukarkontrakt kvar blant anna Forbrukarrådet og Forbrukarombodet var til stades, og me har no formulert i kontrakten at forbrukaren kan krevje at tenesteytaren monterer produkt forbrukaren har skaffa sjølv, seier Tor Backe.

– Er det ikkje då rart at det i praksis finst røyrleggjarar som nektar å montere til dømes Ikea-utstyr?

– Me har sagt i denne kontrakten at forbrukaren har risikoen på kvalitet og nytta på produktet som han leverer, og så skal tenesteytaren rettleie forbrukaren om dokumentasjonskrav, seier Backe.

Ikea seier dei har SINTEF-godkjenning på alle materiell som røyrleggjarar monterer, er ikkje det nok?

– Viss dei har orden på sakene, og det er lovleg å selje det i Noreg, så er dette greitt etter vår oppfatning. Då skal ikkje røyrleggjaren kunne nekte å montere det.

Kan auke i timepris

At røyrleggjarar ikkje har plikt til å ta på seg arbeid, er noko Backe understrekar. Han seier han inntrykk av at dei fleste monterer òg utstyr dei sjølv ikkje leverer.

– Ei bedrift skal tene pengar, så viss denne bransjen mistar all materialomsetning, så må ein ha noko å leve av. Då må ein eventuelt sjå på timeprisen og regulere den, seier han.

– Vil det seie at dei er greitt at ein røyrleggjar regulerer timeprisen viss dei til dømes skal montere Ikea-materiell?

Viss prisane blir pressa lågare enn det som er forsvarleg, så må dei ha inntekt. Då vil ei løysing vera at ein aukar timeprisen. Problemet der er at me har ein konkurranse frå svart arbeid, så timeprisen kan ikkje auke i det uendelege, seier Backe.