Svært glatte vegar har ført til fleire trafikkulukker i fredag morgon.
– Me har fått fleire meldingar om glatte vegar i distriktet, så ver forsiktig, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Hordaland politidistrikt.
Ei kvinne blir no sett til av ambulansepersonell etter å ha køyrt utfor fylkesveg 48 på Utåker i Kvinnherad, like før klokka 10.
Politiet kom raskt til staden, for ulukka skjedde berre 500 meter sør for ei anna trafikkulukke. Klokka 09.15 melde politiet om at ein bil har krasja i ein fjellvegg på Utåker i Kvinnherad. Fire passasjerar var i bilen, og ei kvinne er sendt til legevakta med lettare skader.
Vogntog hamna i grøfta på E39
Ein semitrailer køyrde i 05.30-tida fredag morgon utfor vegen på E39 ved Liareid i Sveio.
– Berginga av traileren vil ta litt tid. Den den står framleis på staden, men utanfor vegen og er ikkje til hinder, seier operasjonsleiar i Sunnhordland og Haugalandet politidistrikt, Torgeir Stødle.
– Føraren kom uskadd frå ulukka. Han har nok vore heldig når det ikkje gjekk verre.
Politiet åtvarar om svært glatte vegar
Politiet rykka i morgontimane ut til fleire mindre trafikkuhell. Klokka 06.50 fekk politiet melding om at ei ulukke ved Mongstad.
– Ein bil slingra ut av vegen og hamna på taket i rundkøyringa ved Mongstad. Ein person blei køyrt til legevakta for ein sjekk, men han skal ikkje vere alvorleg skadd, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Lars Geitle.
Klokka 08.40 blei det også meldt om ei trafikkulukke på Hanøytangen på Askøy. På Lillehatten i Fyllingsdalen førte glatt veg også til at ein personbil hamna utfor vegen i dag tidleg. Ingen personar kom til skade i desse ulukkene.
– Me har fått mange meldingar og trafikkuhell og utforkøyringar, og felles for desse er at dei skuldast glatte vegar. Det er lurt å ta det med ro, seier Geitle.