Hopp til innhold

Håkonshallen får nytt vern mot naturkreftene

Høgt over Vågen er ei sårt tiltrengt fornying i gang på Bergen si storstove frå mellomalderen. Håkonshallen skal kunne tola kraftige orkanar, og får no nytt vern.

Høgt over Vågen er ei sårt tiltrengt fornying i gang på Bergen si storstove frå mellomalderen. Håkonshallen skal kunne tola kraftige orkanar, og får no nytt vern mot naturkreftene.

No skal Håkonshallen få eit nytt vern mot naturkreftene, og heile kopartaket vert skifta.

Taket til den ærverdige mellomalderhallen i Bergen har fleire gongar vore nær ved å blåse av. No får Håkonshallen eit nytt vern mot naturkreftene, og heile kopartaket vert skifta.

– Eg er så glad, så glad, smiler førstekonservator Anne Ågotnes i Bymuseet i Bergen.

Dei er svært letta over at nytt vern er på plass i hallen til Kong Håkon Håkonsson frå år 1261.

– I nasjonal samanheng er Håkonshallen heilt unik. Det finst ikkje noko å samanlikne med av ikkje-kyrkjelege bygg, overhode, meiner ho.

Sist skifta i 1961

Heldigvis har underlaget klart å halde regnvatnet ute sidan taket sist vart skifta i 1961. Men uvêret har vore nær ved å trenga gjennom ved fleire tilfelle.

Både under dei harde stormane på 1990-talet og ekstremvêret Dagmar i 2011, heldt koparplatene på å verta flerra av. Då måtte ein ty til det drastiske tiltak.

Men å spikre og skru platene fast, er ikkje ei varig løysing for eit kopartak.

– Vi må sikre taket på ein forsvarleg måte. Når ein skrur vil pakningen etter kvart smuldre opp, og då vil vatnet veldig lett trenge gjennom taket, forklarar regiondirektør Torbjørn Nævdal i Statsbygg.

Spesialtiltak

Frittståande stillas ved Håkonshallen

VERDIFULL VEGG: Arbeidarane får ikkje festa ein einaste bolt i murveggen. Stillaset er difor frittståande.

Foto: Turid Rogne / NRK

For 16 millionar kroner skiftar Statsbygg no heile taket. Det krev mange spesialtiltak å handtere eit så verdifullt bygg.

Til dømes får dei ikkje feste ein einaste bolt til murveggen, noko som betyr at stillaset er frittståande. På bakken står stillaset på puter av sand for å verne mellomaldergrunnen, som kan ha skjulte skattar.

Takarbeidet held fram til oktober, og no skal det halde i 50 til 100 år.

– Når dette taket no er lagt, så skal dette fungere optimalt. Det vil ikkje blåse av, det kan vi garantere, avsluttar Nævdal i Statsbygg.