Hopp til innhold

Vann 10 millionar - tar ikkje telefonen

Mannen som laurdag vann 10,6 millionar i Lotto veit truleg ikkje om gevinsten sjølv. – Me får ikkje tak i han, seier Norsk Tipping.

Lotto, Norsk Tipping

VEIT IKKJE OM GEVINST: Mannen som vann 10,6 millionar i Lotto er frå Hordaland.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

– Det var berre éin som hadde sju rette lottotal frå laurdagen, og det er ein mann frå Hordaland, seier Yngvild Nygaard som er strategisk rådgjevar i Norsk Tipping.

Hordalendingen som er ein mann i 50-åra vann heile 10,6 millionar kroner, men han veit det truleg ikkje sjølv.

– Me har ikkje lukkast å få tak i han, seier Nygaard.

Lottokupongen vart levert på Point Kvernberget i Kristiansund.

Får pengane i dag

Nygaard seier ho trur mannen er reist vekk, og at han ikkje er klar over at han er blitt millionær.

– Viss han har sjekka kupongen og har funne det ut sjølv, så er vår erfaring at vinnaren tar kontakt med oss. Så, han er truleg uvitande om hendinga, seier Nygaard.

– Me håpar me får tak i han i løpet av veka, men no går premieutbetalinga ut frå oss her i dag, så det er godt mogeleg at han oppdagar dette sjølv ved å sjekke saldoen sin.

Plar ikkje skje

At Norsk Tipping ikkje får informert ein fersk lottomillionær om at han har vunne er nokså uvanleg.

– Me kjem som oftast ganske raskt i kontakt med vinnarane, seier Nygaard.

– Dette var det meir av tidlegare då me hadde uregistrert spel, og kunne sitte med ein kupong og ikkje vite om det, men med registrert spel har me all data på spelarane, så dette skjer ikkje ofte, seier ho.