Hopp til innhold

Anne Lise er i mindretal som professor

Menn dominerer i toppjobbane på høgskular og universitet. Eit nytt forskingsprogram skal no få fleire kvinner i toppen.

Anne Lise Fimreite

OPTIMISTISK: Prorektor Anne Lise Fimreite ved Universitetet i Bergen meiner det går rette vegen når det gjeld å få fleire kvinner i topposisjonar.

Foto: Leif Skaar

35 år etter at Norge fekk ei eiga lov som skal sikre likestilling mellom kjønna, viser det seg at berre ein av fire professorar på høgskulane og universitet i Bergen er kvinner.

Nådd toppen

Anne Lise Fimreite er ei av dei som har klart å nå opp i toppen. Ho er professor ved Universitet i Bergen og prorektor ved universitetet. Dette tyder at ho er i toppleiinga for heile Universitetet i Bergen. For den kvinnelege professoren har vegen til topps gått fint.

– Den har vore forbausande fri for hindringar eigentleg. Eg har hatt det ein kan kalle ein mentor som har hjelpt meg på vegen. Han har gjort at eg har fått skrive med dei beste, reist på dei beste konferansane og kort sagt kome inn i eit akademisk miljø som har gjort meg god, forklarer Fimreite.

Færre enn ein av fire

Fimreite er ei av få. For ved universitet her i landet er færre enn ein av fire professorar kvinner, trass i at likestillingsarbeidet ved universitet har pågått i meir enn 40 år.

I dag er 60 % av studentane kvinner, og blant dei som tar doktorgrad er halvparten kvinner – men få er med heilt til toppen.

No skal det forskast på kvifor det er så få kvinner i toppen innan akademia og eit nytt forskingsprogram skal prøve å få fleire kvinner i toppen.

Prosjektleiar

PROSJEKTLEIAR: Norsk forskingsråd har sett i gang eit program for å få fleire kvinner i toppen. Likestillingsrådgjevar Anne Marit Skarsbø ved Universitet i Bergen er prosjektleiar for dette.

Foto: Tone Berge / NRK
Kvinner opp

Det er Norsk forskingsråd som har sett i gang eit program for å endre på dette. I Bergen samarbeider høgskulen, Havforskingsinstituttet og universitet om eit forsking- og organisasjonsutviklingsprogram.

Anne Marit Skarsbø er likestillingsrådgjevar ved Universitet i Bergen og er også prosjektleiar for samarbeidet.

– Det er viktig at alle er med og pregar kunnskapsutviklinga og forskinga i samfunnet. Det er også ut ifrå eit rettferdsperspektiv at alle skal ha like moglegheiter til å gjere ein akademisk karriere om dei har lyst til det, seier Skarsbø.

Studentane reagerer

På studentsenteret i Bergen er det fleire kvinnelege studentar som reagerer på at det er så få kvinnelege professorar.

– Eg synest det er uheldig. Eg synest det godt kunne ha vore fleire kvinnelege professorar og ser ingen grunn til at det skal vere så få.

– Kunne du sjølv tenke deg å ta ein slik karriere?

– Nei ikkje heilt til professor trur eg, det er nok litt i andre banar eg tenkjer.

Ein annan student svarer dette:

– Eg trur det betyr at vi som kvinner må bli flinkare til å vise fram kva vi kan og vi må ikkje tenke at vi ikkje kan få leiarstillingar. I tillegg så er det viktig at vi sel oss sjølv.

– Har du slike planer?

– Eg burde jo det ut ifrå det eg akkurat svarte. Så ja, kanskje det er ein moglegheit i framtida.

Optimistisk

Prorektor Anne Lise Fimreite er optimist og meiner det går den rette vegen.

– Det går sakte, men det går i alle fall framover. Det er viktig å finne tiltak som er målretta og som gjer at vi kan få fleire kvinner i topposisjonar i akademia, legg ho til.