Hopp til innhold

Slapp ut frå fengselet klokka 09.25 - klokka 10.40 vart han pågripen igjen

– Han var altså berre ein fri mann i éin time. Og dette var ein mann retten trudde skulle vere egna for samfunnsstraff, seier politiet.

Bergen fengsel

EIN TIME UTE: Onsdag slepte 44-åringen ut her frå Bergen fengsel. Berre ein time seinare vart han teken med ein hand langt inne i ein safe.

Foto: Arne Frank Solheim

Den 44 år gamle mannen fekk tidlegare i år sin 25. dom.

Påtalemyndigheitene ville då gjev han månadar vilkårslaus fengsel, med ein vilkårsbunden del for ein tidlegare dom.

– Han var fri i éin time

Bergen tingrett gav i staden ein særskilt straff for dei nye tilfella, og 44-åringen fekk 90 timar samfunnsstraff.

Den 26. mars klokka 09.25 slapp han difor ut av fengsel for ein dom han sona. Men mannen var ikkje fri lenger enn éin time.

Klokka 10.40 får politiet melding om eit tjuveri frå eit bakrom i ein forretning på Torgalmenningen. 44-åringen vart teken på fersk gjerning med handa si inne i ein safe. Mannen som oppdaga han kontakta politiet.

– 44-åringen slo då ned mannen som melde frå til politiet. Sikkert for å prøve å kome seg unna, seier politiadvokat Inger Lise Høyland.

Rekordraskt

Høyland seier ho aldri har opplevd at nokon har blitt tatt av politiet så raskt etter at dei har sleppt ut frå fengsel.

– Nei, dette har eg aldri vore med på før.

– Dette var ein mann retten trudde skulle vere egna for samfunnsstraff, seier Høyland.

Fredag ber politiet om varetektsfengsling i fire veker.