Dronning Sonja - HENNAR EIGEN STI: Dronning Sonja opna laurdag føremiddag ein tursti i Ullensvang som er blitt oppkalla etter henne. Dronninga er stolt over «Dronningstien»-skiltet. - Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

HENNAR EIGEN STI: Dronning Sonja opna laurdag føremiddag ein tursti i Ullensvang som er blitt oppkalla etter henne. Dronninga er stolt over «Dronningstien»-skiltet.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Dronninga opna sin eigen tursti i Hardanger

Laurdag føremiddag opna dronning Sonja ein tursti i Hardanger som har fått namnet «Dronning Sonjas tursti».

Opning av "H.M. Dronning Sonjas panoramasti" - MANGE FRAMMØTTE: Mange tok turen opp til «Heng 766» for å få med seg dronninga si opning av turstien. - Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

MANGE FRAMMØTTE: Mange tok turen opp til «Heng 766» for å få med seg dronninga si opning av turstien.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Mange hadde møtt opp til opninga av stien på «Heng 766» laurdag føremiddag. Med utsikt over fire ulike fjordar starta Maria Digranes den offisielle opninga av stien med å synga «Vestland, Vestland».

– Her står me i lag med vår kjære dronning, dronning Sonja som er naturen sin øvste beskyttar. Som Per Arne Tuftin sa; det er vel ingen andre som kjenner landet på langs og på tvers, og kvar einaste topp, betre enn dronning Sonja. Her skal me i dag få vera med på at me skal få vår eigen Dronningsti, sa Ullensvang-ordførar Solfrid Borge i opningstalen sin.

Kl. 11.20 opna dronning Sonja turstien ved å setta namnetrekket sitt på ein stein som skal markera inngangen til stien.

– Eg har sett bilete av det, men det er veldig morosamt å sjå det i verkelegheita. Eg er veldig stolt. Flott arbeid og nydeleg farge, seier dronning Sonja om skiltet «Dronningstien».

Ein av dronninga sine favorittar

Kart over «Dronning Sonjas tursti» - KART OVER STIEN: Her går turstien som det tar 4-6 timar å gå. - Foto: Ullensvang Lionsklubb /

KART OVER STIEN: Her går turstien som det tar 4-6 timar å gå.

Foto: Ullensvang Lionsklubb

Turstien som i dag offisielt blei opna har fått namnet «Dronning Sonjas tursti», og den har gjennom 20 år vore ein av dronninga sine favorittar, opplyser den lokale Lionsklubben i Ullensvang.

TURFORSLAG: Les meir om H.M. Dronning Sonjas panoramatur

Lionsklubben har etter instruksjonar frå dronninga merka sommarruta på turen.

Dronning Sonja har tidlegare gjennomført turen både til fots og på ski.

Turen tar 4-6 timar og går opp til 1100 meters høgde på Hardangervidda. Den sørlege delen av ruta går gjennom det som har blitt kalla «Munketrappene», 616 trappetrinn i stein som blei lagt av lokale munkar frå klosteret i Opedal.

LES OGSÅ : Dronningen snikåpnet Hardangerbrua

Dronning Sonja under opninga av "H.M. Dronning Sonjas panoramasti" - OPNING: Dronning Sonja saman med Ullensvang-ordførar Solfrid Borge (t.v.) og songar Maria Digranes (t.h.). - Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

OPNING: Dronning Sonja saman med Ullensvang-ordførar Solfrid Borge (t.v.) og songar Maria Digranes (t.h.).

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Siste video:

Ragnhild Stolt-Nielsen vil bruke de neste ukene på å kjempe for plassen som byrådsleder.
Se det første intervjuet med Martin Smith-Sivertsen etter at det ble kjent at han bli innstilt som ny byrådsleder i Bergen.
Nominasjonskomiteen i Bergen Høyre holdt pressekonferanse om sin innstilling før neste års kommunevalg. De går for å vrake sittende byrådsleder Ragnhild Stolt-Nielsen.