Den 38 år gamle kvinna blei i desember i fjor frikjent for drapet, medan ei 49 år gammal kvinne blei dømt til fengsel i 13 år i Sunnhordland tingrett. Den dømde kvinna anka dommen sin, medan statsadvokaten i Hordaland, Trond Høvik, anka frikjenninga av 38-åringen.
Då ankesaka starta for dei to kvinnene måndag, møtte ikkje 38-åringen opp, skriv Bergens Tidende. Først etter ein time kom ho. Etter lunsjpausen skjedde det same. Dermed sende påtalemakta ut ein arrestordre på henne.
– Du er no under arrest inntil forklaringa di er gjennomført, sa lagdommar Jarle Golten Smørdal til kvinna.
- BAKGRUNN:
Ifølgje forsvararen hennar, John Christian Elden, rømde ho ikkje.
– Ho var på toalettet og var livredd. Ho er prega av angst i etterkant av at ho blei sett fri, sa han.
Statsadvokaten viste til fire verktøy for å forklare kvifor han meiner begge kvinnene er blanda inn i drapet. Det er funne DNA av begge to på ei øks og ein hammar, og ein ikkje fullverdig DNA-profil på ein kniv og berre 49-åringens på ein fastenøkkel.
49-åringen har teke på seg det fulle ansvaret for drapet, og anka blant anna fordi ho meiner ho handla i nødverje.
To veker er sett av til saka i lagmannsretten.