Hopp til innhold

To kvinner sikta for drap i Kvinnherad

Ein mann i 60-åra blei onsdag kveld funnen død i Kvinnherad. To kvinner er pågripne og sikta for drap, stadfestar politiet.

Created by InfoDispatcher

HUSET: Mannen som blei drepen i går blei funnen i dette huset.

Ein mann i 60-åra blei funnen død på Sandvoll i Kvinnherad klokka 22.15 i går, og politiet opplyste i natt at dei ser på dødsfallet som mistenkeleg.

Politiet har i heile natt og i morgontimane vore sparsame med opplysningar, men klokka 11 heldt politiet pressekonferanse i Bergen om drapssaka.

Mistanke om drap ut frå forhold på staden

Politioverbetjent Carl-Petter Leganger opplyser at ei kvinne i 30-åra og ei kvinne i 40-åra er pågripne, og blir avhøyrte i Bergen. Dei er begge sikta for drap. Politiet seier dei ikkje kjenner til om det er noko relasjon mellom den drepte og dei to kvinnene.

Politiet opplyser at den innleiande etterforskinga førte til at kvinna i 30-åra blei pågripen i Kvinnherad klokka 01.08 i natt. Klokka 02.05 blei kvinna i 40-åra pågripen, også ho i Kvinnherad.

– Forhold på staden gjorde at ein fekk mistanke om at mannen var drepen, seier politiførstebetjent Carl-Petter Leganger ved Hordaland politidistrikt.

– Avhøyr av vitne skjer no på lensmannskontoret i Kvinnherad. Avhøyr av dei to pågripne vil skje i føremiddag, seier Leganger.

To kvinner er pågrepet og siktet for drapet på en mann i 60-årene i Kvinnherad, opplyser etterforskningsleder Carl-Petter Leganger i Hordaland politidistrikt.

STADFESTAR: Politiførstebetjent Carl-Petter Leganger møtte pressen utanfor politihuset i Bergen torsdag føremiddag.

– Avhøyr tidlegast i morgon

Odd Arild Helland er forsvararen til kvinna i 40-åra. Han skal møta klienten sin i ettermiddag og opplyser at ho tidlegast vil bli avhøyrt i morgon.

– Eg har ikkje fått snakka med henne ennå og kan difor ikkje kommentera korleis ho stiller seg til siktinga, seier Odd Arild Helland til NRK.

Frode Skogvold er forsvararen til kvinna i 30-åra. Det har førebels ikkje lukkast NRK å få kontakt med Skogvold.

VG skriv at begge dei to kvinnene er tidlegare domfelt, og at dei skal vera tilknytt eit rusmiljø.

Krimteknikarar på veg

Ifølgje VG blei det funne slagvåpen ved sidan av drapsofferet, og åstaden skal ha vore blodig og prega av kamp. Politiet vil ikkje stadfesta desse opplysningane.

– Kriminalteknikarar er på veg til Kvinnherad for å undersøke åstaden, seier Carl Petter Leganger i Hordaland politidistrikt.

Klokka 11.00 starta ei pressekonferanse på politihuset i Bergen. Politiadvokat Sidsel Isachsen bad då om forståing for at politiet ikkje kan gå ut med alt dei veit om saka.

Politimann held vakt på staden

Område sperra av av politiet i kvinnherad

SPERRA AV: På Sandvoll i Kvinnherad har politiet sperra av eit område.

Foto: Arne Lindeflaten / Kvinnheringen

Operasjonsleiar Ronny Lentføhr i Hordaland politidistrikt opplyser at mannen er identifisert og at politiet har sett i gang omfattande etterforsking.

Politiet har sperra av eit område på Sandvoll, ei bygd som ligg litt sør for Valen i Kvinnherad og som har 300-400 innbyggjarar.

Journalist i Kvinnheringen Arne Lindeflaten har i føremiddag vore på staden politiet har sperra av. Han fortel til NRK at det akkurat er stille og roleg på staden. Eit stort området er sperra av, og ein politimann held vakt.

Politiet i Kvinnherad er torsdag føremiddag opptatt med å gjennomføra avhøyr.

– Går inn på oss

Huset ein mann blei funnen drepen i på Sandvoll i Kvinnherad

FUNNEN HER: Mannen blei funnen her ved inngangen til dette huset.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Varaordførar Elisabeth Eide Taraldsen i Kvinnherad kommune har vore i kontakt med lensmannen og fått avklart at det førebels ikkje er behov for hjelp frå kriseteamet i kommunen.

– Kommunen og kriseteam held seg i ro til me eventuelt blir kontakta av lensmann eller kommunelege, seier varaordføraren til NRK.

Dødsfallet pregar innbyggjarar i Kvinnherad.

– Eg har snakka med litt folk i dag. Det er klart at når slike ting skjer er me ein veldig liten kommune der ein kjenner nesten alle og veit kven alle er, så det er klart at det går inn på oss, seier Eide Taraldsen.

Valen i Kvinnherad i Hordaland

VALEN: Ein person er ifølgje politiet funnen død i nærleiken av Valen i Kvinnherad kommune.

Foto: Skjermdump frå Google maps