Hopp til innhold

Dette slår UP ned på i påska

Denne veka set UP inn storkontrollar på vegane på Vestlandet. Sjekk kva for nokre tre ting dei slår spesielt hardt ned på i veka som kjem.

Terje Oksnes, UP

FØREBUR STORKONTROLLAR: I påska trappar UP opp bemanninga på vegen. Åtferd- og fartskontrollar står i fokus.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Terje Oksnes, sjef for Utrykningspolitiet på heile Vestlandet, har gjort seg klar til påska i lang tid. Veka med trafikk til og frå fjellet er svært viktig for dei som skal syte for at utfarten skjer på trygt vis.

– Det vert ein del ekstra folk på jobb i påska, både sivile og uniformerte. Men det er hemmeleg kor mange me har ute på vegane, ler UP-sjefen.

Dette fokuserer dei på

Oksnes fortel at UP kjem til å ha fokus på åtferd- og fartskontrollar, og trekkjer fram desse tre punkta som satsing for påska:

  • Aggressiv åtferd i trafikken, til dømes stygge forbikøyringar.
  • Fartsbrot.
  • Avstand til andre trafikantar.

– I år er det ulukkesskapande åtferd som er i fokus. For kort avstand til andre bilar er faktisk eit enormt problem, seier Oksnes.

I første kvartal i 2014 er like mange tatt for brot på avstand som heile 2013 til saman.

UP for kort avstand

AVSTAND: Avstandskontroll har vore eit satsingsområde for politiet dette året, og det vert det også i påska. Sjåføren i lastebilen på dette biletet blei fråteken førarkoretet her på E39 i Bergen tidlegare i år.

– Tommelfingerregelen folk flest kjenner til er jo tre sekund-regelen. Me stoggar ikkje dei som ligg to sekund bak bilen framfor, men ligg du berre eitt sekund bak får du ei munnleg åtvaring. Dersom du ligg mindre enn eitt sekund bak kan du få forenkla førelegg.

Dersom ein ikkje har lengre avstanden til bilen framfor enn eit halvt sekund ryk lappen.

Fleire syndar på surfing

Og nye tider gir nye lovbrot. UP-sjefen fortel at han stadig oftare ser folk som brukar mobilen medan dei køyrer bil.

– Dette ser eg kvar einaste dag når eg køyrer til jobb. Det er jo ekstremt risikofylt.

Ifølgje han er det verre å gjere dette enn å køyre i rusa tilstand.

– Dette er jo ikkje vitskapeleg bevist, men eg trur det er endå meir risikofylt å surfe på mobilen enn å køyre i rusa tilstand faktisk. Dette reknar me for aggressiv åtferd i trafikken, og er noko me vil sjå etter på vegane i påska.